Sogn Skisenter

Ved Hafslo, midt mellom Gaupne og Sogndal, ligg Sogn Skisenter. Her fraktar ein av landets lengste skitrekk deg effektivt opp i fjellet. Fleire stader undervegs er det mogeleg å stige av dersom du ynskjer det. I tillegg til hovedtrekket er det eige barnetrekk med tilhøyrande løyper. Totalt er det seks løyper å velge mellom, og det er glimrande laussnøkøyring i anlegget. I servicebygget finn du både billettkontor, skiutleige, kafe og varmestove.

Til 2010-2011 sesongen stod ein ny heis, Banktrekket, klart. Ein mellomlang heis som går noko lenger enn barnetrekket. Dette året vart også grillhytta ferdig. Her kan ein varme seg over bålet eller grille pølser.

www.sognskisenter.no

Sogn Skisenter
Sogn Skisenter
Foto: Arthur Bremer Brynjulfsen
Sist oppdatert   15.11.2011   Av   Øystein Sagabråten