Det beste av fjord og fjell

 


Berre 10-15 minutt køyring frå Sogndal sentrum finn du Sogndal Skisenter i Sogndalsdalen og Sogn Skisenter på Hafslo. Her får du den perfekte ramma for skiferien i ei vennleg, avslappande og ekte atmosfære. Nybyrjarar og born kan boltre seg trygt i eigne barneområde, medan dei eventyrlystne finn flotte frikøyringsområde i og rundt skianlegga.

Plasseringa innerst i Sognefjorden med nærheit til fjorden, Jostedalsbreen og Jotunheimen gjev fantastiske tilhøve for toppturar og laussnøkøyring. Det er her Fimbul JostedalNorgesguidene og Breogfjell har sin leikeplass. Deira lokalkjende guidar tek deg med på spennande og utforskande turar i ein vakker og dramatisk natur. Klimaet som Jostedalsbreen skapar gir noko av den beste laussnøen du kan finne i Norge, og det er rikeleg av han...

Sist oppdatert   21.01.2010   Av   Øystein Sagabråten