Ei reise innover Sognefjorden er ei reise i skiftande klima. Frå dei våtaste områda i landet ute ved kysten, til områda innerst mot Jotunheimen, som er blant dei mest nedbørsfattige. Jostedalsbreen, saman med dei høge fjella, avkjøler og stoggar skysystema som kjem inn frå Atlanterhavet og får det til å regne, medan djupe dalar og solvendte bergvegger gir lommer av det beste klima. Dei indre delene av Sognefjorden har kalde vintrar og varme somrar, medan det blir meir nedbør og kjøligare di lengre ut mot kysten ein kjem.
Takka vere det varme vatnet frå Golfstraumen, har delar av Sogn eit klima som gjer området særs veleigna for å dyrke frukt og bær. Varmekjære fruktslag kan dyrkast i midtre og indre stròk, og her vart også dyrka tobakk under 2. verdskrigen. Turistsesongen er primært frå medio mai til medio september, men Sognefjorden er vakker til alle årstider!
Vår

Våren kjem til Sognefjorden rundt påsketider, og i mai er naturen kanskje på sitt aller vakraste. Då er fossane ofte svært store, bakkane grøne, fjelltoppane kvite og lufta er forfriskande klar. Sauer og lam vert sleppte ut på beite frå midten av april, og tidleg i mai byrjar plomme- og morelltre å bløma. I slutten av mai er dei frodige bygdene pynta med blomstrande eplehagar. Vêret kan variere frå kjølig vårluft til mildt sommarvêr. Dei fleste vinterstengde fjellovergangane er opna att i mai.
Sommar

Sommaren varer som regel frå juni til og med august, og temperaturen i Sognefjorden er høgast i august, då snøsmeltinga minkar utover sommaren og gjev mindre kaldt vatn i elvane. Dagtemperaturane kan variere frå 10 til 30 grader, men ein bør stort sett vere forberedt på temperaturar mellom 15 og 25 grader. Lange, solrike dagar, lyse sommarnetter og frisk luft er med på å gjere frukt og bær uvanleg gode i dette området. Jordbæra mognar frå kring Jonsok, og frå byrjinga av juli kjem friske bringebær. Det er vanlegvis mest folk i området dei tre siste vekene i juli, pga fellesferien i Norge, så då er det lurt å bestille overnatting og aktivitetar på førehand. Pass på å få med deg nokre korger med smaksrike bringebær og moreller som vert plukka i juli og fyrst i august!
Haust

Om hausten kler Sognefjordområdet seg i vakre haustfargar, først i fjellområda, så ved fjorden. Mange meiner at dette er den beste tida for fjellturar i området. Då er snøen vekke, elvane er små og det er tørt og fint å gå alle stader - mellom raud lyng og gullfarga busker. Hausten er tida for fruktplukking, og store mengder plommer, eple og pærer blir køyrde inn til fruktmottaka for å bli pakka og sende til butikkar rundt heile landet. Mange stader langs fjordane kan du få kjøpa fersk frukt, eller ferskpressa juice av eple og pærer som du kan nyta eller ta med deg som eit velsmakande minne frå opphaldet i Sogn. Les meir om frukt og bær i Sogn....
Vinter

Frå byrjinga av november er det ikkje uvanleg med eit lite snøfall, men snøen legg seg vanlegvis ikkje i låglandet før julemånaden. Lauvet fell av trea, og det er på det mørkaste, før snøen malar landskapet kvitt. Skitrekka ved fjorden er vanlegvis opna til juleferien og held ope til og med påskeferien. Januar og februar kan vere tørre og kalde, med temperaturar rundt 10-15 minusgrader.