Filtrer liste
Områder









Nasjonale turistvegar

Nasjonale turistvegar og andre vakre fjellovergangar

Sognefjorden er omringa av høge, majestetiske fjell, og dei fleste vegane inn og ut av dette området går difor gjennom vakre fjellområde. Her kan du gå fotturar, klatre, gå på ski og fiske, eller nyte den friske lufta og den imponerande utsikta.


Årdal

Tindevegen

Tindevegen er ein fjellveg på 36 km. Denne vegen går mellom Årdal og Turtagrø. Det er flott utsikt frå fleire stadar langs Tindevegen. Langs vegen kan ein sjå mektig natur og flotte fjelltoppar.


Copyright © Luster Reiselivslag

Luster

Sognefjellsvegen (Rv 55)

Den nasjonale turistvegen over Sognefjellet mellom Luster og Lom er den høgste og kanskje mest imponerande fjellovergangen i Nord Europa (høgste punkt 1430 moh). Her kjem ein tett inn på den majestetiske naturen i Jotunheimen Nasjonalpark.


Copyright © Bjørn Andresen

Aurland

Utsiktspunkt - Stegastein

På Aurlandsvegen 6 km frå Aurlandsvangen står ei ny panorama utsiktsplattform ferdig- Stegastein. Utsiktsplattforma ligg 650 moh og har utsikt over Aurlandsfjorden. Til utsikten er vegen open heile året og her er parkeringsplassar og toalett.


Copyright © Harald Oppedal, isens: CC-BY-SA 3.0

Balestrand

Gaularfjellsvegen (Rv 13)

Gaularfjellsvegen (Rv 13) Langs denne ruta frå Dragsvik (Balestrand) til Moskog (Førde) kan ein sjå mange vakre, små fossar og elvar. Vegen er særskilt kjent for dei 9 hårnålssvingane ein køyrer gjennom på Balestrandssida av fjellet.


Copyright © Finn Loftesnes

Aurland

Aurlandsvegen

Fjellvegen mellom Aurland og Lærdal - Aurlandfjellet - FV 243 er open for biltrafikk frå ca. 1/6 til 15/10. Frå Aurland til utsiktspunktet, Stegastein, er...