Skriv ut
		Skriv ut

Jotunheimen Nasjonalpark


Kart

Kontakt
Adresse:
6876 Skjolden

Telefon+47 976 00 443
E-postinfo@visitsogn.info
Webwww.sognefjord.no


Beskrivelse

Heile Jotunheimen nasjonalpark er prega av høge fjell og brear, og her finn du dei høgste fjella i Norge. Dei tre høgste toppane er Galdhøpiggen (2469 moh), Glittertind (ca. 2465 moh) og Store Skagastølstind (2405 moh).
Den vestlege og mest alpine delen av Jotunheimen ligg i kommunane Luster og Årdal ved Sognefjorden. Dersom du køyrer den nasjonale turistvegen over Sognefjellet mellom Lom og Luster kan du sjå Store Skagastølstind (Storen) og mange andre imponerande toppar på nært hald.

Jotunheimen er eit svært populært turområde både sommar og vinter, og her finn du eit stort nettverk av merka fotruter i alle kategoriar. Dessutan er Hurrungane-massivet i Vest Jotunheimen er eit mekka for fjellklatrarar, med meir enn 20 toppar over 2000 meter. Turtagrø, ved foten av Hurrungane, har lange klatretradisjonar og blir kalla "klatresportens vugge". Dersom du vil vere med fjellførarar på klatreturar i tindane, eller er interessert i anna fjellføring i Jotunheimen, kan du ta kontakt med Turtagrø Hotell eller Norgesguidene.

Rundt påsketider vert det sett kvistar i snøen langs fleire av rutene i Jotunheimen, slik at skigåarar finn lettare fram, og på Sognefjellet Sommarskisenter er det mogleg å gå på ski i preparerte løyper om sommaren.