Filtrer liste
Områder









Nasjonalparkar

Nasjonalparkar og andre verneområde

Ved Sognefjorden ligg Jotunheimen nasjonalpark, Jostedalsbreen nasjonalpark og Breheimen Nasjonalpark, som er blant dei største og mest kjende nasjonalparkane i Norge. 


Copyright © Iren Vatne

Luster

Breheimen Nasjonalpark

I Breheimen Nasjonalpark er mangfaldet stort. Naturen varierer frå grøne dalar til snaufjell og breområde. Området heng saman med Jostedalsbreen Nasjonalpark...


Nigardsbreen Gjesteheim

Luster

Breheimsenteret, Jostedal

Torsdag 28. juli 2011 brann Breheimsenteret ned til grunnen. Personalet frå Breheimsenteret vil framleis ta imot bookingar, selje billettar og fungere som turistinformasjon, no lokalisert til Nigardsbreen Gjesteheim ved innkøyringa til senteret.


Jostedalsbreen Nasjonalpark

Luster

Jostedalsbreen Nasjonalpark

Nesten halvparten av Jostedalsbreen Nasjonalpark er dekka av den største isbreen på det europeiske fastlandet - Jostedalsbreen. Denne nasjonalparken er kjenneteikna av ei enorm spennvidde i naturtypar innan korte avstandar. Her er alt frå frodige dalar til karrige fjell- og isbrelandskap, og ein kort fottur i dette området er som å gå frå ei årstid til ei anna.


Copyright © Harald Vatne

Luster

Jotunheimen Nasjonalpark

Heile Jotunheimen nasjonalpark er prega av høge fjell og brear, og her finn du dei høgste fjella i Norge. Dei tre høgste toppane er Galdhøpiggen (2469 moh), Glittertind (ca. 2465 moh) og Store Skagastølstind (2405 moh).


Copyright © Handegård

Luster

Naturreservat

Små og tilnærma urørte område med naturtypar eller dyresamfunn som har høg naturfagleg og vitskapleg verdi, vert verna som natturreservat. Dette er den strengaste forma for områdevern. I Sognefjordområdet finst det fleire naturreservat, som t.d. fuglefredingsområdet Hafslovatnet (Luster) og våtmarksreservata Bøyaøyra (Sogndal), Vetlefjordsøyra (Balestrand) og Grånåsmyrane (Aurland). Barskogreservatet Skogateigen i Luster vart oppretta i 1914, og er det eldste naturreservatet i Norge. Det kanskje mest kjende naturreservatet i dette området er Nigardsbreen (Luster), som i tillegg er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark.


Copyright © Norsk Bremuseum i Fjærland. Fotograf:Per Backe-Hansen

Sogndal

Norsk Bremuseum i Fjærland

Norsk Bremuseum opna i 1991 og formidlar informasjon om brear og korleis dei forma landskapet, klima og korleis det påvirkar oss. Den nye klimautstillinga opna...


Copyright © Nils Kvamme

Vik

Stølsheimen landskapsvernområde

Stølsheimen landskapsvernområet blei oppretta i 1990 og strekkjer seg frå Sognefjorden til høgfjellet opp i 1200 - 1300 moh.