Denne sida er under utarbeiing og vert oppdartert gradvis.

Kong Sverre og Birkebeinarane er den eldste sikre kjelda me har for fruktdyrking i Norge.
Sognefrukt til
Bergen på 1700-talet
Epledyrkinga var i mange hundre år gjort for eige hushald
på garden. Først i siste halvdelen av 1700-talet finn ein opplysningar om at
frukt frå Sogn i noko omfang vart selt til Bergen. Men det er tydeleg at
sogningar med spesiell interesse for fruktavl hadde kontakt med utlandet lenge
før den tid for å skaffe seg nye sortar til hagane sine. Mange dyrka så mykje
at dei kunne betale dei årlege skattane sine i form av eple og kirsebær. Dette
skriv biskop Erik Pontoppidan om midt på 1700-talet.
Nordens
største fruktgard i Sogndal
I 1833 kjøpte godseigaren på Lysekloster ved Bergen, Henrik
Formann storgarden Stedje i Sogndal. På Stedje planta han ut store
mengder frukttre. Stedje skulle på denne tida ha ein av dei største frukthagane
i Norden med 6666 tre. Formann
fekk i 1858 første premie for Sogne-frukta på ei utstilling i Bergen. I tillegg
til eple, stilte han då ut fersken, aprikos og druer som han hadde dyrka i
drivhus. På hagebruksutstilling i London 1862 fekk han bronsemedalje.
Henrik Formann dreiv også planteskule på Stedje gard som
han eigde fram til 1871.
Første fylkesgartnaren
Sjur Fuhr
frå Luster var den første fylkesgartnaren i Sogn og Fjordane. I 1862 og 1863
var han lærling i den botaniske hagen i Oslo under botanikkprofessor Fredrik
Christian Schübeler. Professoren var ein førgangsmann i norsk hagekultur, på
den tida. Etter litt praktisk opplæring hjå ein handelsgartnar i Oslo kom Sjur
Fuhr heim og vart tilsett som den første fylkesgartnaren i Sogn og Fjordane i
1864.
Fuhr fortalde at han berre på eitt år planta ut, okulerte,
poda om og skar i alt 2100 frukttre i Sogne-bygdene. Men etter fem år i tenesta
slutta han for å ta over farsgarden på Fuhr. Han kom tilbake i arbeidet som
fylkesgartnar for Sogn i 1874.
Lokal utdanning i
hagebruk
Dei første seks-vekers kursa i hagebruk vart skipa til på
Hærum gard i Luster i 1898 med gardbrukaren sjølv, Kristian Hærum, som lærar.
Han hadde gått både på jordbruksskule og hagebruksskule. Kursa fekk stor søknad
og måtte raskt utvide frå seks til 10 elevar og åtte vekers læretid.
1000 fruktsortar på Njøs
Forsøksstasjon
I 1919 la Staten den nyskipa forsøksstasjonen for frukt og
bær på Vestlandet til Njøs i Leikanger.
Forsøksgarden har drive registrering av den enorme mengda
lokale fruktsortar som fanst i landet tidlegare. I 1950 hadde Njøs registrert
600 eplesortar, 150 pæresortar, omlag 150 plommesortar og kring 100 sure og søte
kirsebærsortar.
Sidan 1966 har forsøksgarden stått sentralt i utviklinga
av to av dei mest kjende eplesortane her til lands, Summer Red (innført frå
Canada) og Aroma (innført frå Sverige). Garden har elles gjort eit stort arbeid
for utvikling av plommesorten Edda, bringebærsortane Veten, Norna og Sygna, og
jordbærsorten Glima. Alle desse er foredla og spreidde frå forskingsgarden på
Njøs. I samarbeid med forsøksgarden Balgsgård Sverige har Njøs også utvikla
pæresortane Fritjof og Ingeborg.
Forskingsstasjonen har gjort viktige forsøk med intensive
dyrkingsmetodar - dvs. vekstfremjande tiltak som tildekking av jord og skjæring
av frukttre. Dessutan har Njøs drive forsøksdyrking av fersken, aprikos og
vindruer.
Omsetning
av frukt og bær i eldre tid
Heilt frå 1700-talet hadde Bergen vore den viktigaste
marknaden for frukt og bær frå Sogn.
Elles utvikla det seg i fleire bygder ein kultur for å
reise på eplehandel om haustane: Oppkjøparar reiste rundt med skuter og kjøpte
frukt som så vart frakta anten til Bergen eller Ålesund for torgsal og dørsal.
Emballasje sytte frukt– og bærprodusentar stort sett for
sjølve med saging av kassebord på eigne gardssager.
Ein annan tidleg «bærpionér» var Anders
Bertelson Hantveit frå Austgulen i Gulen kommune. Sjølv om han dreiv
gard i ei kystnær bygd, planta han ut 300 bærbuskar og dreiv frå 1907 eksport
av bær til England. På det meste produserte han 18.000 kilo bær i året.
Erling Nesse
Ein av dei som gjorde gode pengar som frukthandlar i
mellomkrigstida, var landhandlar Erling Nesse
i veglause Nessane i Sogn. Han var truleg den første i landet som gjennomført
standardisering av emballasjen til norsk frukt. I 1925 tok han til å pakke
frukta i 10, 15 og 20 kilos øskjer i papp. Emballasjen vart utstyrt med pene
fargeetikettar. I kassene kunne kundane finne lappar med muntre slagord som «Et
eple hver kveld gjør deg god og vel» o.s.b.
Fruktgrossistar
Ein annan sogning som dreiv det stort i frukthandel var
Olav H. Grinde frå Grinde i Leikanger. I 1920 starta han som fruktgrossist med
lager både i Bergen og Oslo.
1932 organiserte styraren for forsøkgarden på Njøs på
Hermansverk, Erling Kvåle, den første frukttransporten med lastebil frå Sogn
til Oslo. Då Sognefjellsvegen opna i 1938, vart den ein viktig transportveg for
sognefrukta nordover til marknaden i Trøndelag.
I fruktsesongen var det vanleg at Fylkesbaatane sine
lokalruter gjorde seg ekstra rundar til ei mengd private kaier i Sogn for å
laste ombord fruktkasser som skulle sendast til Bergen.
Aslak
Gullakson Haaland som dreiv garden Håland på Kyrkjebø fram til 1847,
var ein svært moderne gardbrukar, og langt føre si tid: Aslak grøfta ut jorda,
bygde gjødselkjellar og smie. Han dyrka mange slag grønsaker og planta
frukthage. Nokre av frukttrea som han planta, bar frukt heilt fram på
1930-talet.
Både han og sonen Gullak var jektebyggjarar. Lars G.
Haaland fekk Det Nyttige Selskabs premie på 30 riksdalar i 1811 for
nybrotsarbeidet sitt.
Henta frå
«http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Tiltaksf%C3%B8r_bonde»
Vik:
Vik i Sogn er på mange vis
pionérbygda for fruktdyrking i Sogn.
Heilt tilbake til 1201 har ein sikre spor etter
fruktdyrking i Vik. Då vart ein mann drepen i «Aldinhagi» - dvs. i ein
frukthage - ved elva Hopra. Men fruktavl av noko omfang kom ikkje i gang før Apollonius
Liljedahl kom frå Danmark og slo seg ned som skreddar i Vik i 1755.
Der vart han seinare klokkar, og kjøpte seg gard, der han starta planteskule på
1770-talet. Dette skjer berre 10 år etter at Christoffer Sjurson Hjeltnes
(1730–1804) starta den første planteskulen i Noreg i Ulvik i Hardanger.
I 1784 fekk Liljedahl premie for
fruktdyrking frå Det nyttige Selskab, og då vart det fortalt at han eigde 725
eple- og pæretre og dessutan 36 morell- og aprikostre i hagen sin på
Hopperstad.
- Aldinhaugr og kong Sverre
I Sverres soga er det fortalt om birkebeinarane sin trefning med
baglarane i Vik på sluttan av 1100-talet.
Skipa til kong Sverre la til land like nedanfor
"Aldinhaugr". Aldetre
var gamalt namn på epletre, og haugr var hage. Under kampen vart ein mann drepen
i denne eplehagen. Dette er det
eldste vitnesbyrdet om fruktdyrking i Noreg. Ein stad ved båthamna på Vikøyri
heiter det i dag Aldehaug, men det er ingen haug der, så namnet er truleg det same som er nemnt i
Sverressoga.
- Skreddaren som starta planteskule og skreiv lærebok
Den skreddarutdanna Apolonius Liljedal var 21 år då han kom frå
København til Vik i 1755.
Apolonius let saks og nål liggja og tok heller opp yrket etter faren som
hadde vore gartnar. Han vart ein vidgjeten hagemann i Sogn med stor frukthage
og planteskule. Han hadde både
eple, pære, moreller og aprikos.
Det er funne ei lærebok på 75 handskrivne sider etter Liljedal, der han
deler sine mange røynsler frå frukthagen. (GU)
- Apalhola i Feios
Kring 1890 gjekk bonden på Tveit i Feios opp i Apalhola. Han såg seg om etter ein høveleg
rynning frå villapal som vaks der. Husmannssonen på nabogarden, Johannes Olson
Dræge, hadde lært seg å poda, og no skulle det podast Gravenstein på
rynningen. Johannes gjorde godt
arbeid, og apalen vaks og bar årvisst.
I omla 100 år har dette treet no bore frukt, og eit år hausta dei 40
kassar (ca 500 kg) på denne apalen ålene!
Den store gamle Gravensteinapalen i Feios er eit symbol over den
tradisjonelle fruktdyrkinga i Sogn, slik den var fram til ca 1940: (GU)
Tommoseple:
'Tommoseplet'
vart ale fram av husmannen Tommos Hatleklo på garden Skjørvo i Vik i første
halvdel av 1800-talet. Mortreet
sto på «Gamla-Skjørvo» like ved
eit bustadhus, og det stod heilt til for nokre år sidan. Sorten har vore mykje dyrka i Vik og er
også spreidd til andre bygder.
Tommoseplet var grått og lite tiltalande dersom det fekk for mykje
gjødsel, og eldre folk i Vik miener at sorten kom i vanry på grunn av dette.
(SHH)
Raudt
Tommoseple:
Tommoseplet har
også gitt opphav til ei raud form som kom fram på garden Seim i Vik. Tommosepla
vart seint mogne, men dei heldt seg heilt til i mai og tevla med sorten
Torstein. Tommos er rekna som ein
av dei beste lokalsortane me har, men det er no berre nokre få aplar att. (SHH)
Brisling og saft
Vik Hermetikkfabrikk vart starta i 1920 av Jæger Sardine
Factories LTD i Stavanger. På folkemunne vart den berre kalla «Sardinen».
Fabrikken heldt til på Vetløyri i ein karakteristisk bygning med «taggete»
takkonstruksjon, og hadde eiga kai som står framleis. Fabrikken hadde 10
røykomnar. På det meste arbeidde det 60 personar i sesongen. Hermetikkfabrikken
la først og fremst ned brisling, men hermetiserte også frukt, og laga saft og
syltetøy.
Vangsnes Fruktlager L/L vart bygd i 1958 av Vangsnes
Fruktlag som var skipa i 1953. I gode frukthaustar på 1960-talet kunne
fruktlageret ta imot 350.000 kilo eple og pære og 160.000 kilo bær. Gartnerhallen tok over lageret i 1969.
Men då Gartnerhallen ville leggje ned i 1990 og flytte alt til fruktlageret på
Leikanger, kjøpte dei 160 fruktdyrkarane som sokna til Vangsnes-anlegget
bygningane tilbake og dreiv vidare sjølve. Fruktlageret sysselset i sesongen
fem personar.
Henta frå
«http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Vangsnes_Fruktlager_L/L»
Fresvik
Kjølelager
I Fresvik skipa 20 hageeigarar Fresvik Fruktsalslag så
tidleg som i 1921. L/L Fesvik Kjølelager vart skipa i 1947 med frukt- og
bærdyrkarar i Fresvik og Frønningen som aksjeeigarar. Kjølelageret vart teke i
bruk i 1957, og var det først i sitt slag i Sogn. Botolv Hov bygde i 1958 privat fryseri for bær i Fresvik.
Han og fem andre i bygda hadde skipa Fresvik Bærlag i 1956. Bærdyrking i
Fresvik har tradisjonar heilt tilbake til 1800-talet, då Hans Aksnes i
Nærøyfjorden tok til å forhandle plantar for ein planteskule på Sørlandet. I
Fresvik hadde han mange kundar for rips, stikkelsbær og solbær-plantar.
I 1966 og 1967 vart det dyrka like mykje bær i Fresvik
åleine som i resten av Sogn og Fjordane til saman, og det lokale hagebrukslaget
talde 60 medlemer. I 1969 produserte bygda 150.000 kilo jordbær og 10.000 kilo
bringebær. Bæra frå fryselageret til Botolv Hov vart selde til
konservesfabrikken Mor Monsen i Bergen.
Gartnerhallen tok over omsetnaden til Botolv Hov i 1970 og
dreiv til 1997. Sidan har Hov leigd fryselageret ut til Fresvik Kjølelager, og
anlegget har vorte mykje utvida.
Balestrand:
- Kirsebærtreet på Grøneng
I Gustav Redalen si bok
«Lær å dyrke frukt» (1991) er det bilete av det store villkirsebærtreet
på Grøneng. Dette er viltveksande søtkirsebær, eller «Fuglabær». Treet er omlag 2,5 meter i
stammeomkrets og oppunder 20 meter høgt, eit av dei største eksemplara i
landet. I bløminga om våren kan
ein sjå treet som ei kvit sky frå den andre sida av Esefjorden. Villkirsebærblom er valt som
Balestrand sin kommuneblom.
-
Futehagane på Flesje
Då Hans Leganger vart fut i Sogn i 1759 sette han Flesje gard i
pant til staten. I
takst-dokumentet finn vi omtalt «Gamlehaven udenfor den søndre Bygning og den
anden nordenfor den nordre Bygning.»
Den første vart verdsett til 10 riksdalar, den andre til 30
riksdalar. Verdien av heile garden
var 400 riksdalar. Det seier seg
sjølv at ein slik hage produserte frukt for sal. (G.U.) Hagen har truleg vore
planta i førstninga av 1700-talet.
(Bygdeboka)
- Frukthagen på Sande
Helge Hansson var fødd 1763 og bygsla garden Sande frå søstrene
Bramdrup då han var 26 år. Han
skulle betala ei årleg leige på 50 riksdalar og halda dei med ved, men han
ikkje skulle ha noko gjera med det huset søstrene budd i, heller ikkje
frukthagen. Den ville dei hausta sjølve.
Hagen kan ha vore utplanta i 1750-60-åra av Hans Helgeson Veten, far til
Helge. (Bygdeboka)
- Askelund, frukthagen og brenneriet i 1803
I 1790 kjøpte futen Jakob Hegelund bruk 1 under Bala og gjorde det
til futegard for Sogn under namnet «Askelund». Hegelund hadde vore i København og sett litt av verda. Han bygde mange nye hus og planta frukthage. På lista over kva futegarden inneheldt
i 1803, er det også rekna opp eit «brendehus» som var bygt saman med eit «svin-
og hønsehus». Det var nok ei
praktisk løysing å ausa brennerestane (dranken) direkte ut or brenneapparatet
og gje den som hønse- og grisefor!
Kor mykje frå frukthagen som var råstoff til brenneriet, veit vi ikkje. (Bygdeboka)
- «Epleprestane»
Sverdrup
Då Balestrand i 1849 vart skilt ut frå Leikanger prestegjeld, valde
Harald Ulrik Sverdrup å busetja seg i Balestrand, og han var sokneprest her til
1883. Sverdrup var ein
samfunnsengasjert mann og var m.a. drivkrafta Nordre Bergenhus Dampskibsselskap
(Fylkesbaatane, seinare Fjord1) I
hans tid vart prestgarden på Lunde ein slags forsøksstajon for frukt i
Sogn. Sonen prost H.U. Sverdrup
d.y., heldt fram i faren sin fotspor og fekk m.a. Gullmedalje på ei
fruktutstilling i Oslo.
- Lunde prestegard som «forsøksstasjon» i Sogn
Då prest Casper Frederik Junghans selde garden Lunde i 1794, er det
også med i kjøpet «de i haven stående frugttræer.» Frå 1849 til 1883 planta H. U. Sverdrup ut 165
frukttre i prestegardshagen. Dei
første sortane var Keiserinnepære, Bergamottpærer, Gravenstein og
Porteple. Den siste sorten som
vart planta i 1883 var Hampus. I
hagen var det i alt 26 sortar eple, 44 pæresortar, 17 plommesortar og 8 sortar
moreller og kirsebær. Nyplantinga
heldt fram under Sverdup d.y. - så omkring 1907 var det 130 sortar i hagen.
- Futen Landmark,
planteskulen og Porteplet
Då futen J.W.H. Landmark kjøpte Askelund i 1846, starta han
planteskule med både frukttre og bartre. Mange bønder innover i Sogn kjøpte frukttre frå
Askelund. Ein av eplesortane han
fekk tak i frå utlandet, hadde truleg mista merkelappen. Treet vart planta ved
porten inn til futegarden og vart difor heitande Porteple. H.U. Sverdrup karakteriserer sorten som
«særdeles god». Eplet har blitt
dyrka ein del i Balestrand og på Vangsnes og har vore populært fordi det har
ein mild smak med lite eplesyre.
Porteple har uvanleg fine raudlege blomar, endå djupare raude enn
Torstein.
- Maria Gjerde og fruktpressa frå Frankfurt
Maria Gjerde var fødd i Gjerde i 18.. og var søster til
bankkasserar Anders («Gjerdsen») Gjerde som nokre år seinare planla druedyrking
i Gjerde. Av midlar etter aksjesal
i Rosshavet kvalfangstselskap kjøpte ho kring 1920 ei stor fruktpresse frå
Frankfurt, av same typen som Drægni og Lerum kjøpte på same tid. Maria Gjerde kjøpte inn fullt
utstyr for pressing og tapping, men produksjonen kom ikkje i gang i hennar
tid. Pressa og utstyret vart selt
til Bjørn Sande og Hermund Thue.
Fruktpressa finst framleis i Balestrand og er i god stand.
- Balestrands saftpresseri
Kring 1920 kjøpte Bjørn Sande og Hermund Thue den store fruktpressa
etter Maria Gjerde. I kjellaren
der Spindelvev i dag held til, starta dei opp med kommersiell frukt- og
bærpressing. Dei selde t.d.
«Rabarberviin – Ægte naturviin» og ulike typar saft. Etikettane var teikna av Dagfinn Bremer Øvrebø i Art
Noveau-stil. Då krakket kom i 1929
fekk dei ikkje selt varene og mykje bærsaft var tømt ned i fyllinga. ..... Sjøthun som var seljar for Lerum,
var på denne tida innom presseriet og sa at - «De måtte gje dikka, de!» Då svara Bjørn Sande: «Ja, me låg ikkje
så nær elva me, som de gjorde».
Med det meinte han at dei ikkje fekk fylt nok vatn i produkta, slik
konkurrenten etter hans meining hadde gjort. Pressa og utstyret vart seinare selt til Eirik Grøneng.
- Gode jordbær sikra kjøp av gamleheimen
Heile garden Sande var tilplanta med frukttre i 1917, då
'arbeidsnemndi' for Balestrands gamleheim kjøpte eigedommen frå fabrikkeigar
Asceroft for kroner 16.000. Det vart sett i gang innsamling for å
finansiera kjøpet, og mange kondisjonerte vart kontakta. Skipsreiar Stolt Nilsen frå Haugesund,
hadde ein gong vore i Sande i bryllup.
Der hadde han fått jordbær som var så gode at han bladde opp 5.000
kroner - 1/3 av kjøpesummen, då
han vart spurd om å bidra. Sjeldan
har vel gode jordbær blitt verdsett så høgt!
- «Et eple hver kveld» på Nessane
I 1897 starta den 18 år gamle Erling Nesse med å eksportera
gardsprodukt ut frå ei bygd som endå var veglaus. Med kreativt på gangsmot vart det kjøpt inn eigen båt, og
han vart den første i landet som kring 1925 leverte frukt i pappøskjer med
reklametrykk. Dei finaste epla og
pærene vart handsveipte i silkepapir og med eigne trykksaker med tekstar som
«Et eple hver kveld gjør deg god og vell» eller «Spis norsk frukt og la pengene
bli i landet». Dette var starten
på det som etter kvart skulle utvikla seg til industribygda Nessane.
H. O. Thue Landhandel
vart starta i Balestrand i 1914 av Helge O. Thue. I
mellomkrigstida tok han imot bær og frukt for vidaresal til fabrikkar. Bøndene kom med bærbøtter på hestevogn
eller handkjerre. Mange av dei som
hadde småbruk, dreiv bærdyrking, og desse vart kalla «handkjerrebønder». I kjellaren til handelsmannen vart
bærbøttene tømt over i halve eikefat som var saga av på midten. Bæra vart rørde og truleg tilsett
vinsyre før det vart stifta sekkestrie over opninga. Deretter gjekk turen på nytt med handkjerre ned til kaien og
med båt til Drægni på Systrond.
- Balestrand fruktpakkelag
Pakkelaget vart etablert i 1957. Første sesongen vart frukta sortert og pakka i løa til
Anders Grøneng i Bakkavikji. Andre
sesongen heldt dei til i kjellaren til det nybygde Balestrand Samvirkelag (no
Thuegården). Tredje året flytta
aktiviteten inn i eige hus på Sjøtunsmyrane. Tomta vart vald på grunn av lett
tilgangen til fjorden som transportåre.
Arne Menes var nyutdanna frå Hjeltnes gartnarskule og vart tilsett som
styrar. Han vart landskjend i
fruktmiljøet som den flinkaste på pærelagring. Bærmottak med nytt kjøl- og fryseanlegg kom i 1970-åra. Laget hadde 96 medlemer på det
meste. I 1996 starta Balholm opp
med fruktpressing.
-
Leikanger:
Leikanger har ein eplegrein i kommunevåpenet, og ikkje
utan grunn. Leikanger er den fremste fruktbygda i Sogn med stort fruktlager og
forskingsstasjon for frukt og bær.
Bonde Ola Sjurson
Fuhr tok litt før 1780 til å plante frukttre på garden sin i Luster,
og dyrka også mykje frukt for sal. Det er derifrå det kjende Fuhr-eplet
stammar.
Leikanger-presten
med stor frukthage
Den første som planta ein større
frukthage i Leikanger var prost Niels Normann
som var prest der frå 1816 til 1822. Skulehaldar Arne Frekaland samarbeidde med
prosten om fruktdyrkinga.
I 1822 skreiv biskop Neumann at Leikanger-presten hadde
«en betydelig Indtegt af disse sine Hauges Frugter, der enten selges paa stedet
til Opkøbere eller føres lige til Bergen».
Frå byrjinga av 1800-talet er det tydeleg at fruktdyrkinga
i Leikanger og Luster tok seg sterkt opp, for då vart det omsett store mengder
eple, pære og kirsebær til Bergen frå desse bygdene.
Frå 1870-talet vart fruktdyrking hovudinntekta på mange
gardsbruk i midtre og indre Sogn.
Fruktdyrking
vart stor næring i Leikanger
Frå 1870-talet vart fruktdyrking hovudinntekta på mange
gardsbruk i midtre og indre Sogn. Mest kjend er frukthagen på storgarden Stedje
i Sogndal, der godseigar Formann planta største frukthagen i Skandinavia med
6.666 frukttre.
I 1900 var dåverande Leikanger kommune (inkludert Fresvik
og Feios) den største fruktkommunen i Sogn med 11.508 frukttre. I 1939 var
dette talet auka til 36.000. Leikanger hadde samstundes det klårt største talet
på fruktsortar i heile Sogn.
Halvard
Drægni starta saftproduksjon i heimbygda Skjolden i 1900. Då han i
1920 flytta til Hermansverk og bygde stor konservesfabrikk der, gav fabrikken
ein mektig stimulans til auka bær- og fruktdyrking i Sogn.
Fruktkøyringa
vert organisert
I 1932 organiserte styraren for forsøkgarden på Njøs,
Erling Kvåle, den første frukttransporten med lastebil frå Sogn til Oslo.
Men lastebilane før krigen var små og vegane skrøpelege,
og det var berre med naud og neppe at Kvåle kom seg opp dei bratte bakkane i
Lærdalsdalen med fruktlasta.
Det var først då Sognefjellsvegen opna i 1938 at det vart
meir fart på fruktkøyringa. Nokre av pionérane i denne trafikken, som mest
gjekk til Trondheim og Møre, var lastebilsjåførane Jens Liljedahl og Odd Eggum
frå Leikanger.
Stort fruktlager bygt i 1960.
Leikanger
Fruktlager
(Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
I 1919 løyvde Staten midlar til innkjøp av ein høveleg
Vestlands-gard der ein kunne drive forsking og utvikling av fruktsortar.
Forsøksgarden driv forsking og utvikling av nye frukt og bærsortar, og har
gjort viktige framsteg i utvikling av meir intensive dyrkingsmetodar og
lagringsmetodar for frukt.
Misjonstre
I fleire hagar kringom i Sogn planta kristenfolket såkalla
«misjonstre». Dette var frukttre der inntekta frå avlinga skulle gå til
misjonsarbeidet. Ein av dei som hadde planta eit slikt tre, var den ihuga
misjonsmannen John Olsson Husabø (1843-1922). Frå dette misjonstreet på
Krokagarden vart det i 1887 hausta tre skjepper eple som vart selde for kr.
1,95.
Dei fleste større fruktbygdene i Sogn har sine lokale eple
med eigne namn. På Leikanger er det fleire sortar.
Lokale
fruktsortar frå Leikanger
(Foto: NRK)
Dei fleste større fruktbygdene i Sogn har sine lokale eple
med eigne namn. Den mest kjende lokale fruktsorten frå Leikanger er
«Leikangereple» som truleg er avla på Prestegarden på Leikanger - truleg avla
fram tidleg på 1800-talet.
Dette eplet vart også kalla «Soplimseple» og første gong
utstilt på ei messe i Bergen i 1898. «Eituneplet» meiner ein er kome frå garden
Eitorn, men truleg er dette det same som «Stor Torstein».
«Bergaplomma» skal vere ein plommesort som er dyrka fram i
Leikanger. Sorten kan vere den same som «Raudaplommer». «Gul sukkerplomme» var
ei plomme som vart mykje dyrka kring 1900, og kan truleg ha utgangspunktet sitt
i Leikanger.
Norsk fruktmuseum
I lengre tid har det vorte arbeidd for å byggje opp eit
«Norsk Fruktmuseum» i fruktkommunen Leikanger - utan at det hittil (år 2003)
har gjeve konkrete resultat.
-
Første dokumenterte dyrking
1600
-
Sortar:
-
Leikangereple
-
Gulaplomme
-
Eitorneple
- Edda
Avkom etter Czar x Prune Peche ('Papp-plomme'). Kryssa ved Njøs forskingsstasjon, og
bar frukt første gong på sluttan av 1950-talet. Planta ein god del i Sogn. Rekna som den beste av
tidlegsortane.
-
Fridtjof
-
Ingeborg
-
-
-
Prestegarden:
Apostelen Peter jaga fuglar i kirsbærtrea
Peter Johan Norman var prest på Leikanger 1822 – 1839 og såg ikkje
den store verdien av gamle bilete som hang att i kyrkja frå før
reformasjonen. Han virka meir
interessert i kirsebærdyrking. Museumsmannen Hans K. Heiberg skriv i sin
museumskatalog frå 1881: «Det var maaske i den værste Tidsalder, da presten
Normann på Leikanger naar Kirsebærtiden paa Sommeren kom, tog de gamle
Billedstøtter af Apostlerne Petrus og Paulus, der de stod igen i Leikangers
Kirke efter Katholisismen, ud af Kirken og hængte de op i Kirsebærtrærne i sin
Have som Fugleskræmsler»
Statens
forsøksgard Njøs
I 1919 løyvde
Staten midlar til innkjøp av ein høveleg Vestlands-gard der ein kunne drive
forsking og utvikling av fruktsortar. Valet fall på ein gard på Njøs ved
Hermansverk, etter at Landbruksdepartementet hadde vurdert 19 ulike alternativ
frå Ryfylke til Nordfjord.
Då Staten
overtok, var fire dekar av garden tilplanta med ein gamal frukthage. I 1922
vart også grannegarden (Nagelgarden) kjøpt til føremålet. Her var det planta
600 frukttre. Til saman fekk forsøksgarden no 70 dekar innmark.
-
Seinare vart også andre gardar
leigde, og tatseigedomen «Fylkesmanngarden» på Systrond vart teken i bruk som
forsøksareal for forskingsgarden på Njøs. Per Stedje (1884-1944) vart tilsett
som leiar på forsøkgarden og sat i stillinga til han døydde 1944, då Erling
Kvåle overtok til 1966. I 1992 vart forsøksgarden på Njøs lagt under Ullensvang
forskingsstasjon i Hardanger. I 2006 vedtok styret i Bioforsk at
forskingsstasjonen på Njøs skal leggjast ned. I 2009 vart Njøs Næringsutvikling
etablert.
Forsøksgarden driv forsking og utvikling av nye frukt og
bærsortar, og har gjort viktige framsteg i utvikling av meir intensive
dyrkingsmetodar og lagringsmetodar for frukt.
I 1992 vart forsøksgarden på Njøs lagt under Ullensvang
forskingsstasjon i Hardanger. I 2006 vedtok styret i Bioforsk at
forskingsstasjonen på Njøs skal leggjast ned.
Njøs
Næringsutvikling AS
vart skipa i 2007 og har som føremål å drive
forsøksstasjonen for frukt og bær på Njøs etter at Bioforsk valde å trekkje seg
ut i 2007.
Fruktkaier
Både langs stranda i Systrond og i andre sognebygder kan
ein sjå mindre kaier eller merke etter slike. Mange av desse vart bygde like
etter 2. verdskrig som såkalla ”fruktkaier”. Fylkesbaatane leigde då M/B
”Torsnes” og andre frakteskuter som om hausten gjekk i ei spesiell ”fruktrute”
frå Sogn til Bergen. Desse båtane gjekk opp under dei private kaiene og lasta
om bord fruktkassene. Dette sparde dyrkarane for lang og vanskeleg transport
til næraste rutebåtkai. Særleg i veglause grender var dette ei stor hjelp. Ved
Eitorn vart det bygd to slike fruktkaiar, og på Hermansverk vart dei private
kaiene til kjøpmann Aarskog og Nils P. Henjum flittig nytta til innlasting av
frukt.
-
-
Drægni
-
Leikanger fruktlager/
Sognefrukt
-
Fruktsal med dampbåt til
Trondheim
-
Hermansverk fruktlager
-
Henjatunet
-
Norsk fruktmuseum og Fruktbare
dagar
Sortar:
Bonke. Denne sorten kom frå biskopen i Bergen
til Leikanger prestegard ein gong mellom 1665 og 1711 og har sidan vore spreidd
i heile Sogn. Bonke er ei
forvansking av 'Bon Chretien' - også kalla 'Bonketiner', 'Bonkeltine' eller
'Bonkentiner'. Bonke er ein
svært nøysam pæresort med fin pæreform, men svært grovt skal. Fruktkjøtet er sterkt snerpande, noko
som gjer den heilt ubrukeleg som etefrukt, men som hushaldsfrukt
(hermetisering, mos m.m.) er den svært godt eigna. Trea er friske og hardføre, og enno er det tre att av denne
sorten. (SHH -1992)
Bonke
H.U.Sverdrup d.y. skriv i 1893 at «Navnet
er jo utvilsomt en forvansking av det franske «Bon chretien» (en god kristen) –
tysk Christbirn. Flere varieteter
af denne sort findes i utenlandske kataloger, men ikke denne. Det viser at dyrkningen af den er
ophørt der, og det merkelige er at til for en 40-50 år sidenfantes ikke denne pære udenfor Sogn. Hvorledes er dette gått til? (......) De første biskopper i Bergen hadde
megen interesse for havedyrkning og holdt udenlandske gartnere og dyrket
udenlandske frugtsorter. Fra
bispehaven i Bergen er sikkerligen Bonketinpæren kommet til Leikanger
prestegård, hvor der lige udenfor kirkegården står et mægtig bonketre, som
formodentlig er modertræet ikke bare bare for de bonketræ som nu findes i
Balestrands prestegårds have, men til alle trær af denne sort som nu findes i
hele landet.»
Kommentar: 'Christbirn' som Sverdrup nemner kan ikkje vera den same som
'Williams Christbirn' som i dag blir rekna som den beste til
pærebrennevin. Kanskje kan denne
siste sorten vera den same som den engelske 'Williams'?
Keiserinne
Denne sorten har vore mykje dyrka i mange
bygder langs Sognefjoreden. Det blir hevda at sorten er identisk med 'Pyrum
Tarentium' som vart dyrka alt i Romarriket før vår tidsrekning. Sorten kom til
Noreg på 1700-talet og vart spreidd til Sognebygdene truleg kring 1780.
Gråpære
Denne sorten heiter 'Gris bonne' (den gode
grå) på fransk. Kan ta opptil 10
år før den kjem i bering!
Moltke
Namn etter grev A.V. Moltke som var dansk
statsminister 1848-1852.
Sogndal:
-
Fimreite og kong Sverre 1184
-
Høvdingsetet Kvåle og
Æppagardom, Bergen Kalvskind 1330
-
Stedje gard ca 1780, størst i
Skandinavia
Nordens største fruktgard i Sogndal
I 1833 kjøpte godseigaren på Lysekloster ved Bergen, Henrik
Formann storgarden Stedje i Sogndal. På Stedje planta han ut store
mengder frukttre. Stedje skulle på denne tida ha ein av dei største frukthagane
i Norden med 6666 tre. Ei tid var den kjende landbruksskulestyraren på Mo i
Førde, Martin Luther
Storm, gardsstyrar for Formann på Stedje.
Formann fekk i 1858 første premie for Sogne-frukta på ei
utstilling i Bergen. I tillegg til eple, stilte han då ut fersken, aprikos og
druer som han hadde dyrka i drivhus. På hagebruksutstilling i London 1862 fekk
han bronsemedalje.
Henrik Formann dreiv også planteskule på Stedje gard som
han eigde fram til 1871.
-
Benneriet på Kaupanger
-
Lerum og saftbygdi,
vinproduksjon i 1935
-
Gravensteinsgata
-
Sortar:
- Fosseple
Sorten skal ha namnet etter garden Foss i Sogndal og er spreidd
derifrå av diktaren Henrik Krohns planteskule på Stedje. Det er usikkert om sorten er ein
frøsort frå Foss, eller om den er teken heim av ein av dei utanlandske eigarane
som hade garden langt tilbake i tida.
Fosseple er eit knapt middels stort eple, ofte med ei litt skeiv form,
strågul grunnfarge med kraftig raudbrun flamma solside, tydelege skalpunt, søt
vinsyrleg smak og noko aroma.
Sterk mot sjukdomar. Sorten
blir framleis tilrådd i kyststrøk.
-
Kaupangereple (Skaoleple)
L/L
Sognesaft
Den første fabrikken til Lerum i Sogndalsfjøra. Eigar av
foto: Lerum Fabrikker AS.
Lerum-fabrikken i Sogndal vart utvida med eit nybygg på
520 kvadratmeter i 1964, og i 1969 vart den siste biten av den gamle
trebygningen frå 1920 rive.
L/L Sognesaft i 1975
I 1974 kjøpte Lerum eigedomane til den nedlagde Sognefjorden
Ullvarefabrikk ved Sogndalselva og bygde det om til ein stor
konservesfabrikk. Denne vart gjort til eige selskap under namnet L/L Sognesaft.
Reklameplakat for Lerum-produkt frå 1920-talet.
Året etter opninga produserte fabrikken saft av 1.300 tonn
frukt og bær, og Gartnerhallen vende seg til fabrikken for å få pressa saft som
dei sjølve ikkje vann over.
I 1979 vart L/L Sognesaft slege saman med A/S Lerums
Saftfabrikk. I 1976 hadde produksjonen auka til 3.360 tonn og kring
23 tilsette. Same året overtok Kåre Lerum
som disponent etter faren Karl Lerum.
Lerum-anlegget på Kaupangerskogen stod klart i 1995. Foto:
Kjell Arvid Stølen, NRK.
Lerum-konsernet i Sogndal er ein av dei største
produsentane av saft, syltetøy og leskedrikkar i Noreg, og er den største
industriarbeidsplassen i Sogndal kommune.
Anlegga i Sogndal sysselset i 2003 190 personar i Lerum
Fabrikker og 22 personar i Lerum Konserves.
Lerum starta verksemda si på Sørheim i Luster, og flytta i
1919 til Sogndal. Frå 1982 til 1991 dreiv også Lerum ein stor produksjon av
syltetøy på Hermansverk, der dei tok over det konkursråka Bergensmeieriet
og Lerum inn i Drægni.
Den første Lerum-fabrikken i Sogndalsfjøra. Eigar av foto:
Lerum Fabrikker As.
På same vis som med konservespionéren Halvard
Drægni, starta også Lerum verksemda si i Luster. Men i 1919 flytta
Lerum produksjonen til Sogndal og skipa A/S N. H. Lerums Saftfabrikk med grunnleggjaren
Nils H. Lerum som hovudaksjonær.
Fabrikken i Sogndal vart utvida med eit nybygg. I 1974
kjøpte Lerum eigedomane til den nedlagde Sognefjordens Uldvarefabrik og bygde
dei om til ein stor konservesfabrikk. Denne vart gjort til eige selskap under
namnet L/L Sognesaft.
Lerum-fabrikken i Sogndalsfjøra, bygd i 1974. Foto: Kjell
Arvid Stølen, NRK.
I 1982 gjekk Bergens & Drægni Produkter AS på
Hermansverk konkurs, og Lerums Saftfabrikk kjøpte anlegget for 3,2 millionar
kroner. Selskapet fekk avtale med Pepsi.
Men samarbeidet med Pepsi gjekk ikkje problemfritt. Mykje
på grunn av denne samarbeidsavtalen gjekk Lerum med eit underskot på 2,1
millionar kroner i 1980. Også syltetøyproduksjonen svikta. Problema gjorde at
Lerum no delte opp verksemda i fleire selskap.
I 1993 fekk Lerum prisen som beste Pepsi-tapperiet. Ikkje
lenge etter miste Lerum Pepsi-tappinga.
Med sterk støtte frå SND vart eit nytt stort
produksjonanlegg for drikke teke i bruk på Kaupangerskogen i 1995. Fabrikken i
Fjøra vart modernisert i 1997. I 2003 er Lerums industriverksemd delt mellom
selskapa Lerum Fabrikker AS og Lerum Konserves AS.
Lerum Frakt
Lerum-konsernet stod lenge for transport av produkta sine
sjølv, men i 2008 vart dette sett ut til eit selskap som heiter Lerum Frakt BA.
Dette selskapet er eigd av åtte transportørar, som til saman disponerer 15
vogntog. Den største av desse er Standnes Transport AS, som eig åtte vogntog.
Tredje generasjon Lerum
I dag er Lerums industriverksemd delt mellom selskapa
Lerum Fabrikker AS og Lerum Konserves AS. I 2006 overtok tredje generasjon
Lerum med Gro Lerum Bondevik (f. 1965), Bente Lerum Lund (f. 1969) , Trine
Lerum Hjellhaug (f. 1975), Kurt Lerum (f. 1959) og Grethe Kristin Lerum (f.
1971) styringa i det familieeigde konsernet. Sidan 2008 har Trine Lerum
Hjellhaug vore konsernsjef.
Trailerane med Lerum-produkt trålar vegane over heile
landet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Luster:
-
Fuhr
I 1780 vart det på garden Fuhr planta ut 171 frukttre som etter
kvart ga 100-150 tønner frukt om året.
Fruktpionérane i Fuhr
Hovudhuset på Fuhr-garden. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Dei første frukt- og bærtrea kom til Sogn alt i
vikingtida: I ei vikinggrav på Ornes vart det funne godt bevarte
krisebærsteinar då grava vart opna på 1800-talet. Kirsebæra må såleis ha vorte
lagde i grava i tida 800-1000 e. Kr. Sjå: Kjærleikssoga
om dottera på Ornes og Vetti-kongen.
Frå Vik er det skriftlege kjelder om epledyrking frå 1201,
då ein «aldinhagi» - dvs. eplehage - vert omtala. Sjå: Vik -
pionérbygda for frukt i Sogn.
Planta frukttre
I 1664 vert det nemnt at folk i Kroken kunne kunsten å
pode frukttre. Frå 1743 er det kjent at det vart dyrka både epler, plommer,
kirsebær og stikkelsbær i Luster.
Bonden Jens Christensen Fuhr skal vere den første som
planta ein større frukthage i Luster. Det var kring 1660.
Seinare kom Ola Sjurson
Fuhr som bonde i Fuhr (garden også skriven som Får). Han planta
kring 1770 ein stor frukthage, dyrka mykje frukt for sal. Ola Sjurson Fuhr avla
årleg 100-150 tønner frukt og var truleg den største fruktdyrkaren i Sogn på
den tid. I 1780 fekk han 10 riksdalar i premie for dyrking og fordi han hadde
planta 171 frukttre. Det kjende Fuhr-eplet kjem frå garden til Ola Fuhr. Han
starta også planteskule og leverte plantar vide ikring til fruktdyrkarar i
Sogn.
Laga vin
Frå Fuhr kom også amtsgartnar Sjur M. Fuhr. Sonen hans var
Mons Fuhr, som bygde opp Grimstad Gartneri og dreiv ein etter måten stor
vinproduksjon. Det mest kjende merket til denne vinprodusenten var den
vermout-liknande fruktvinen «Fuhr Fino».
Naturen i Luster kan vere gåvmild. Her blir mange bører
med molter reinska.
-
-
og Dalsøren ca 1600
-
Nic Fuhr og Grimstad gartneri
-
N.H. Lerum og safthuset
Drægni AS
Drægni-fabrikken, på folkemunna kalla Saften, til venstre
i dette biletet frå 1930-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Kåre Aarskog/Fylkesarkivet
i Sogn og Fjordane.
Halvard
Drægni var ein av dei store pionérane i norsk saft- og
syltetøyproduksjon. Han bygde ein av dei største konservesfabrikkane i landet
for slik produksjon på Hermansverk.
Halvard Drægni overtok butikken etter faren Tomas, og
dreiv landhandel ei stund før han byrja konservesverksemda.
Det var først då Hallvard Drægni frå Luster starta
saftproduksjon i 1900 at bærdyrkinga vart ei næring i Sogn.
Bærdyrking
vert næringsveg
Stikkelsbær.
Drægni AS skulle få avgjerande betydning for framveksten
av bærdyrking i Sogn.
På slutten av 1800-talet var det sterk vekst i fruktavlen
i indre Sogn. Bøndene hadde lært seg poding og planta ut nye eplesortar, og
Fylkesbaatane sine ruter gjorde det mogeleg å selje frukta i Bergen. Mange
sogningar leigde seg lagerlokale i by'n, kjøpte inn store parti frukt og dreiv
frukthandel i Bergen utover haustane.
Lite bærdyrking
Bærdyrkinga derimot stod det ringare til med. Folk dyrka
stort sett berre litt rips og stikkelsbær til eige bruk. Solbær var mindre
påakta i hushaldet den gongen. Elles spedde ein på med skogsbær og bringebær
som voks vilt.
Blåbær i Nordfjord
Medan bøndene i indre Nordfjord på denne tida hadde teke
til å hauste store mengder blåbær for sal til Bergen, var denne tilleggsnæringa
lite kjend i Sogn.
Det var først då Hallvard Drægni frå Luster starta
saftproduksjon i 1900 at bærdyrkinga vart ei næring i Sogn.
Dette var opptakta til konserveseventyret Drægni.
Handel
med «Blåbærkongen»
Halvard
Drægni tok i 1890 over landhandelen i Skjolden etter faren Thomas
Drægni. Året 1900 var han og kona Ingeborg i Bergen for å handle varer.
Hos grossist Riisøen kom dei over eit parti på 10 tønner
blåbær som handelsmannen i Bergen hadde kjøpt frå «Blåbærkongen» Rasmus K.
Grodås frå Hornindal. Men Riisøen fekk ikkje selt blåbæra og baud
dei no fram for ein rimeleg pris til Drægni. Halvard og Ingeborg Drægni slo til
og kjøpte heile partiet, tok blåbærtønnene heim til Skjolden og starta
saftkoking i stor stil heime på kjøkkenet. Ingeborg fekk to nabokvinner til å
hjelpe seg.
Selde til arbeidsleirar
Det meste av safta vart selt til anleggsleirane på
Bergensbanen ved Finse. Resten vart omsett gjennom ein slektning i Drammen.
Dette var opptakta til konserveseventyret Drægni. Då ryktet tok til å gå om
saftkokinga i Skjolden, vart Drægni kontakta av fleire sognebønder som ville
selje bær og frukt, og slik balla det på seg. I 1905 starta Drægni også
produksjon av syltetøy.
Drægni fekk statsstipend og drog på studiereiser. I 1919
skipa Drægni aksjeselskap med 600.000 kroner i aksjekapital.
Drægni
på studietur
Drægni fekk statsstipend og drog
på studiereiser til England og Mellom-Europa for å setje seg inn i moderne
konservesproduksjon.
Det vart ein lønsam butikk - særleg under første
verdskrig: I 1918 betalte Halvard Drægni åleine ein fjerdepart av skatten som
Luster kommune likna ut! I 1919 skipa Drægni aksjeselskap med 600.000 kroner i
aksjekapital - ein enorm pengesum i dei dagar. Drægni hadde sjølv
aksjemajoriteten i selskapet Halvard Drægni A/S - Fruktkonserves, og var
administerande direktør.
I 1919 bygde AS Halvard Drægni, Sogns Fruktkonservering
ein stor konservesfabrikk på Hermansverk.
Drægni var sjølv aktiv i fråhaldsrørsla, og ein ihuga
målmann som vart kjend for å annonsere produkta sine på nynorsk.
Produkta vart mønstra på både landsutstillingar og verdsutstillingar, og fekk medaljar for god kvalitet. Det mest kjende er «Alle spyr etter Drægnis safter».
På 1970-talet gjekk norsk konservesindustri inn i
vanskelege tider. Difor starta eit arbeid for å samle saft- og
syltetøyprodusentane på Vestlandet i eitt selskap. I 1982 gjekk Bergens &
Drægni Produkter AS konkurs, og Lerum kjøpte anlegget på Hermansverk.
Drægni frå Skjolden til Hermansverk
I 1919 bygde AS Halvard Drægni,
Sogns Fruktkonservering ein stor konservesfabrikk på Hermansverk. Her vart
ikkje transporten hindra av fjordisen slik som i Skjolden inst i Lustrafjorden.
Maskinane i fabrikken var drivne med elektrisitet.
Sonen Tomas Drægni jr. var disponent ved fabrikken, medan
Halvard sjølv var adm. dir. til han døydde. I tillegg til saft og syltetøy,
produserte fabrikken også marmelade, hermetisk frukt og alkoholfri vin.
Eksportforsøk
Drægni ville på denne tida starte eksport, og gjorde
avtale med eit utanlandsk firma på 1.000 tonn syltetøy, men fekk ikkje
eksportløyve på grunn av innanlandsk varemangel. I nedgangstidene på 1920-talet
gjekk fabrikken i mange år med underskot.
Sende til USA
Frå 1929 starta Drægni stor eksport av syltetøy til
Amerika, men dette vart eit kortvarig eventyr, for like etter kom krakket på
New York-børsen, og eksporten stoppa opp.
Leverandør til Slottet
Han hadde elles god nase for PR, og marknadsførde
verksemda og produkta sine m.a. med at han var leverandør til det kongelege
kjøken og til den norske marine og armé.
Safta stod m.a. på bordet under kroningsmiddagen i
Trondheim i 1906. På verdsutstillinga i Rio de Janeiro i 1923 fekk
Drægni-produkta gullmedalje.
Leverandør til Slottet
Han hadde elles god nase for PR, og marknadsførde
verksemda og produkta sine m.a. med at han var leverandør til det kongelege
kjøken og til den norske marine og armé.
Safta stod m.a. på bordet under kroningsmiddagen i
Trondheim i 1906. På verdsutstillinga i Rio de Janeiro i 1923 fekk
Drægni-produkta gullmedalje.
-
Sortar:
- Fuhreple
Ein gong mellom 1660 og 1680 vart denne sorten funnen i ei planting
med frøeple på garden Frachstu på Dalsøyra i Luster. Bonden som eigde garden var Mats Søffrensen. I 1780 poda og planta Ole Sjurson Fuhr sorten i planteskulen sin, og den
vart då spreidd under namnet Fuhr.
Ein raud variant kom fram på garden Hærum i Luster. Fuhr er knapt
middles stor, stågul grunnfarge dekt med raude flammar, sprøtt skal, mild
vinsyrleg smak, noko aromatisk.
Sorten har i periodar vore den mest dyrka i Indre Sogn, for den er
kravfull på varme og god jord. I Norsk Pomologi blir det slått fast at «Utenom
Sogn vil frukta ofte bli av så ring kvalitet at det knapt kan være økonomisk å
dyrke sorten anna enn til eie bruk.»
- Lavoll (Lavodleple)
Denne sorten er framkomen på garden Lavoll i Luster og har namnet
sitt etter garden. Lavolleple har
vore dyrka i Luster sidan første halvdel av 1800-talet og er spreidd til andre
bygder. Det står att eit svært
gamalt tre av sorten på garden Lavoll, men det er lite truleg at dette er
morteet. (SHH 1992) Fargen er kraftig raud over heile frukta, mørkraud på
solsida. Kvitt fruktkjøt med raude karstenglar, ofte raudt fruktkjøt under
skalet. Saftfullt med litt skarp syrleg smak og lett aroma. Krev høg
sommarvarme for å utvikla farge og smak.
-
Jordbæreple
Opphavet til denne sorten er uvisst, men den er kjend mange stader
i Sogn. Frå ei utstilling i Førde
i 1898 vert det skrive: «1ste Præmie tog en Sogning fra Offerdal, (....) nogle
nydelige store Æbler, som der nede fra – den smukkeste norske Æbesort jeg har
sett – Æblet er stort som en stor Gravensten, veiede 175 gr, rødt saftrigt og
velsmagende, må blive en første Klasses Handelsvare.» Sorten har altså fått førsteklasses attest, men den har
ikkje fått særleg utbreiing sidan.
(SHH 1992)
Den siste eldre apalen av Jordbæreple sto att på garden Skildheim i
Luster, og frå denne er det teke podekvist til nye tre. Sorten mogna tidleg, og
Hans Skildheim fortalde at han hugsa at dei alltid hadde Jordbæreple med seg då
skulen starta opp att i august.
Namnet har den truleg fått på grunn av dei tydelege skalpunkta som kan
minna om frøa på eit jordbær.
-
- Fuglabær frå Ornes år 400
-
På 1800-talet vart det opna
ein gravhaug frå 400-500-talet på Ornes. Haugen inneheldt m.a. fleire liter
fuglabærsteinar, noko som viser at arten fanst i landet så tidleg, og at
fruktene vart nytta. Dei måtte
også vera rekna som verdifulle, sidan dei var sendt med over i det hinsidige.
Funnet på Ornes har medverka til at Prunus Avium (fuglabær) blir rekna for å
vera opphaveleg viltveksande i Noreg. (Redalen)
-
Luster Grønt og
bringebærsatsinga
Luster Frukt- og potetlager
Mange i Luster har satsa på bringebærdyrking dei siste
åra. Dette feltet finn vi på Sørheim. På andre sida av fjorden ser vi Luster
med Harastølen oppe i fjellsida. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Luster Frukt-
og potetlager vart starta som ei dyrkareigd verksemd i 1958, og bygde eit
anlegg på kring 1.000 kvadratmeter i Høyheimsvik. Gartnerhallen overtok
anlegget nokre år seinare og dreiv det fram til 1998 då Gartnerhallen vart lagt
ned.
Frå 1998 har eit nytt dyrkareigd selskap med 77 lokale
aksjonærar - Luster Grønt AS - drive anlegget. I 2002 tok Luster Grønt i bruk
eit nytt spesialanlegg for innfrysing av bær til sju millionar kroner.
Luster Grønt i Høyheimsvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Det viktigaste produktet er industribær, men dyrkarane i Luster
har også gjort vellukkka forsøk med dyrking av eksklusive bringebær - såkalla
dessertbær. Desse vart m.a. nytta som dessert under kronprinsbryllupet i 2001.
Luster Grønt tok i 2002 imot 289 tonn bringebær, 81 tonn
jordbær og 3,2 tonn dessertbær.
I tillegg har Hovland fryseri på Sørheim teke imot 25 tonn
bær. I 2005 kom Luster Grønt AS i store økonomiske vanskar og tapte heile
aksjekapitalen på grunn av stor overproduksjon og låge prisar på bringebær.
Munthe-folket tek over i Kroken
Munthehuset. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
I 1764 vart kaptein Gerhard
Christofferson Munthe eigar av garden i Kroken. Han fekk hand om
Ytre Kroken ved eit makebyte med storgarden Mo i Hafslo.
No var det på nytt handelsmann Svabo og kona Maren Theiste
som eigde Kroken. Maren og Svaboe hadde nemleg i 1759 reist odelssak mot
Leyrdahl-folket for å få tilbake Kroken. Dei vann saka, men makebytte i staden
Mo- garden med Munthe. Ytre Kroken vart i Munthe-ætta heilt fram til 1884.
Stort herskapshus
Denne kaptein Gerhard
Christofferson Munthe vart på folkemunne kalla «Storekapteinen». Han
bygde første byggjesteg på det store herskapshuset som seinare har vorte kalla
«Munthehuset». Dette huset fekk ved ei utviding i 1840-åra den utsjånad som vi
kjenner i dag. På denne tida hadde gardstunet i alt fem stovehus og 17 uthus.
Her var også eit par sagbruk ved Krokaelvi, og sjøbuer og kai. I hagen vart det
dyrka frukt, grønsaker og humle til brygging.
Storekapteinen Gerhard Chr. Munthe. (Foto: NRK)
Potetdyrkar
Gerhard Chr. Munthe skal også ha vore ein av dei første
som tok til å dyrke poteter her i landet då han i 1765 sådde den første
potetåkeren på den nye garden sin i Ytre Kroken.
Sonen hans, Hartvig Kaas Munthe (1766-1830) tok over
eigedomen, og det var i hans styringstid at Kroken vart eit kunstnarsenter.
Dette hadde samanheng med sonen til Hartvig - den kjende kartografen og
historikaren Gerhard
Munthe d.y..
-
Urnes gard
-
Kroken frukt og bær
-
Eplet bed&breakfast
-
Vetlekroken
Årdal:
-
Lærdal:
-
Lærdaleple (Rikheimsple)
- Brenneriet og frukthagen på Rikheim
Ein av dei
fargerike eigarane av storgarden Rikheim var kaptein Claus von Munthe av
Morgenstjerne Pederson Rumohr (1770-1831). I 1824 sette han 120 tønner poteter med tanke på
brennevinsproduksjon, året etter skulle han setja 200 tønner. Dette var storproduksjon. Sonen, Jan
Rumohr, overtok Rikheim i 1844.
Han vart også kaptein og seinare sjef for Lærdalskompaniet. Han sytte for at Rikheim kom tidleg i
gang med epledyrking, og i 1850 vart det planta ut «Engelske kalvillar» som fekk namnet «Rikheimseple». Frå 1845 vart det berre lov å ha
brenneapparat med over 200 liter kjele, og Rikheim hadde nok det. Kor mykje eple som gjekk til
brennevin veit vi ikkje.
-
Gravenstein frå Lærdal
-
Lærdalsmarknaden
Lærdal Frukt og potetlager P/L
På dette flyfotoet frå 1954 ser vi Lærdal Frukt og
potetlager under bygging litt tl høgre for midten. Nede i høgre hjørnet ser vi
bygningen til Lærdal og Borgund Produksjonslag. Foto frå Johan Ottesens arkiv.
Lærdal Frukt og potetlager P/L vart bygd i 1956 på
Lærdalsøyri, og var eit samvirketiltak for bønder i dalen. Verksemda pakka og
sorterte frukt og omsette frukt og grønsaker engros. Seinare overtok
Gartnerhallen verksemda. Fruktpakkinga vart etter ei tid lagt ned og flytta til
Leikanger.
I 1970 skipa 20 bønder, i hovudsak på Ljøsne, sitt eige
produksjonslag som leverte til engrosfirmaet BAMA. BAMA Produksjonslag hadde
mottak og lager for frukt og grønsaker hjå Knut Raa.
I 1999 slo Gartnerhallen Produksjonslag og BAMA
produksjonslag seg saman og skipa Lærdal Grønt BA. Verksemda omset poteter,
grønsaker og bær for produsentane. Mest kjend er det store morell-prosjektet
som starta i 1997. Lærdals-moreller av høg kvalitet vert no eksportert til
fleire land i Europa.
I 2003 investerte verksemda i eit nytt sorteringsanlegg
for morellar. I det same bygget på Grandane held også FK butikken Lærdal Grønt
til.
Lærdal Grønt BA. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
-
Lærdal Gønt og morellsatsinga
Aurland:
-
Hagebruksskulen og fruktkursa
på 1940-talet
-
Aurland frukt- og potetlager
-
Øko-feltet på Venjane
Kjelder: Stein Harald Hjeltnes og Gunnar
Urtegård i Årbok for Sogn 1992. NRK Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Gudmund Balvoll i Årbok for Sogn 2008.
Bygdebøker. Muntlege kjelder.