Serverings- og møtelokalet er i eit restaurert tømmerhus frå 1765 (slik så lokalet ut omlag 1880). Vi fyrer i den gamle
vedkomfyren og får den rette stemninga og god varme. Borda er dekka til fest og her tek vi berre eitt selskap om gangen,
kvart selskap får sitt eige opplegg og blir ikkje forstyrra. Vertskapet ynskjer velkommen ute rundt grua i eldhuset og fortel om stova. I hovudrommet kan vi servere inntil 48 personar. I tillegg er det eit mindre rom "Karibesta-stova"), og garderobe med toalett. Vi har alle rettar for servering til slutta lag.
Eggjastova har vist seg å vere populær for mange typar arrangement som julebord, bursdagar, dåp, bryllaup og konfirmasjonar. Mange lag og organisasjonar har valt å leggje ein møtekveld i Eggjastova. Om ønskjeleg kan vi legge inn aktivitetar som fakkeltur til gravhaugane, ein tur i siderkjellaren, tradisjonell ølbrygging, saftpressing, sviing av smalahove, køyretur med hest.
Vi kan òg tilby møte- og seminarlokale. Prøv eit dagsseminar i ei tømmerstove som "pustar naturleg", og samanlikn med
korleis du føler deg etter å ha vore i eit moderne kontorlokale! Til disposisjon i lokala står flip-over og lysarkframvisar.
Vi kan tilpasse servering etter ønskje. Vi kan òg ta på oss bestilling av overnatting på eitt av dei to lokale hotella, samt køyring med eigen minibuss (maks 10 personar).