
Fruktblomstringa i Sogn var verdskjendt blant nasjonale og internasjonale kunstnarar som Adolph Tidemand og Hans Gude, Hans Dahl, Johannes Flintoe, Peder Balke og Thomas Fearnley.
Sogn er det eldste fruktområdet i landet. Det første vitnesbyrd om epledyrking skriv seg heilt tilbake til slutten av 1100-talet, då kong Sverre gjekk i land nedanfor Aldinshagen i Vik. Opp gjennom historia har det vore eit stort mangfold av frukt- og bærdyrking i Sogn. I Luster dyrka dei også tobakk i ein periode. På dei beste stadene kan vi dyrka aprikos og druer berre 3 mil frå Jostedalsbreen sin evige is. Les meir om frukthistoria i Sogn her.......
Vidareforedling har alltid vore viktig i Sogn, og er i dag representert ved m.a. Lerum, Tine Vik, Balholm og mange mindre produsentar. Visste du forresten at 85% av bringebæra i landet kjem frå dette fjordlandskapet? Frukta frå Sogn får spesielt god smak og aroma fordi mogninga skjer langsomt med jamn temperatur og mykje lys.
Her er det gode og tradisjonsrike fagmiljø for frukt- og bærdyrking.
Sogn fruktrute

Det siste 10-året har det komme mange interessante opplevingstilbod med eit stort utval av produkt og gode smakar. Desse aktørane har organisert seg i nettverket ”Sogn Fruktrute” og tilbyr ulike opplevingar. Du kan enten bu midt i ein frukthage, få servert mat frå Sogn på ein av serveringsplassane, bli med på guida turar eller overnatta hjå ein av tilbydarane. Du kan smaka på alt frå friske moreller, bringebær, plommer, eple og pærer. Du kan kjøpa foredla produkt som syltetøy, nedlagde plommer, saft og juice. Eller nyta eit glas plommevin, eplecider eller fruktbrennevin med utsikt over fjorden.

Medlemar i Sogn fruktrute: