Skriv utSkriv ut

Urnes stavkyrkje


TripAdvisor
Beskrivelse
Urnes stavkyrkje er den eldste i Norge, og står på UNESCO si verdsarvliste. Ho er bygd kring 1130, men dei spesielle utskjeringane på nordportalen kjem frå ei enda eldre kyrkje. Denne eldste stavkyrkja i landet er den einaste i sitt slag på UNESCO si verdsarvliste. Ho står høgt og fritt med utsikt mot Lustrafjorden slik ho har stått sidan tidleg på 1100-talet. Men der den noverande kyrkja står er det funne spor etter etter ei anna kyrkje som skal vere bygd rundt 1050. Den særmerkte Urnes-stilen har namnet sitt frå Urnes stavkyrkje. Denne stilen er kjenneteikna ved flotte utskjeringar med svært høg kvalitet. Vi ser stiliserte dyr i kamp, med kroppane samanfiltra. Dette er ein utløpar frå stilartene i vikingtida slik vi også kjenner dei frå runesteinar i Sverige og på dei britiske øyar. Inne i kyrkja er stavane i midtrommet utsmykka med rikt dekorerte søylehovud. På garden ved sida av kyrkja (Urnes gard) er det kafeteria, der ein også til tider kan få kjøpt nyplukka frukt og bær frå dei frodige hagane på Urnes.
Relaterte produkter
Copyright © Bjørn Bergum

Sogndal

Kaupanger Stavkyrkje, Sogndal

Denne kyrkja, på Kaupanger i Sogndal, er den største stavkyrkja og vart truleg bygd på slutten av 1100-talet. Kyrkja er framleis i bruk som soknekyrkje.

Copyright © Fortidsminneforeningen v Leif Olav S. Bjordal

Vik

Hove Steinkyrkje

Hove kyrkje slutten av 1100-talet er den eldste steinbygningen i Sogn og truleg ein av dei eldste i landet.

Copyright © Fortidsminneforeningen v Leif Olav S. Bjordal

Vik

Hopperstad Stavkyrkje

Hopperstad stavkyrkje frå 1130 er ein av dei største og eldste stavkyrkjene i Norge.

Copyright © Fortidsminneforeningen

Lærdal

Borgund Stavkyrkje

Borgund stavkyrkje er bygd kring år 1180. Kyrkja er svært godt bevart, og den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene. Kyrkja er vigsla til apostelen Andreas. Konstruksjonen i stavkyrkja er basert på bruk av berande stavar og søyler. I heile bygningen...


Kontaktinformasjon

Visit Sognefjord AS

Trolladalen 30

6856 Sogndal

+47 57 67 14 00 - Epost: info@sognefjord.no

Kontakt oss 

Sognefjordområdet omfattar kommunane Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Turistinformasjon

Sognefjord har mange sommaropne turistinformasjonar rundtomkring i området, og her treffer du våre dyktige og trivelege turistvertar som kan hjelpe deg med informasjon om aktivitetar, attraksjonar, arrangement og overnatting.

Finn din lokale turistinformasjon

 

Sognefjordlogo