Bestill her



Ankomst

Avreise


Søk kapasitet
Attraksjonar
Velg region :












Store nasjonale attraksjonar

Hovudattraksjonen i Sognefjordområdet er naturen, og alt som knyter seg til den. Sognefjord byr på ein svært variert natur med vidope fjordlandskap, frodige dalar, tronge fjordarmar, massive fjellrekkjer og blåe brear. Her finn du både små, idylliske fruktbygder, moderne samfunn og einslege fjellgardar.

Sognefjord byr også på spennande kultur med nasjonale kulturskattar. Fem av dei eldste stavkyrkjene i Norge ligg her, og den aller eldste (Urnes) står på UNESCO si liste over dei mest verneverdige kulturminna i verda.


ATTRAKSJONAR - Sognefjord
Fotograf: Finn Loftesnes / Sognefjord destinasjon Sogndal & Luster

Brear

Ingen andre stader i verda har du så kort og framkommeleg veg frå fjord- til brelandskap. Fleire av dei majestetiske breane kan du oppleve på nært hold i Sognefjord.

Fotograf: Terje Rakke / Nordic Life / Destinasjon Sogndal og Luster AS

Stavkyrkjer

I Sognefjord finn du fem av dei eldste stavkyrkjene i landet. Borgund Stavkyrkje er den mest kjende, medan Urnes Stavkyrkje er den eldste og står på UNESCO si verdsarvliste.


Fotograf: Harald Vatne

Nasjonale turistvegar

Sognefjorden er omringa av høge, majestetiske fjell, og dei fleste vegane inn og ut av dette området går difor gjennom vakre fjellområde. Her kan du gå fotturar, klatre, gå på ski og fiske, eller nyte den friske lufta og den imponerande utsikta.

Fotograf: Terje Rakke / Nordic Life / Sognefjord - Sogndal & Luster

Museum og besøkssenter

Fleire stader i Sognefjord kan du besøke spennande og heilt unike opplevingssenter og museum. Dei fleste av desse er nært knytte til den spesielle naturen ved Sognefjorden, og er såleis også med på å forsterke naturopplevingane.


Fotograf: Finn Loftesnes

Vakre fossar

Fleire stader ved Sognefjorden kan du oppleve majestetiske fossar som kastar seg utfor steile fjellsider. Fleire av desse er blant dei høgste fossefalla i Norge, og den høgste er Vettisfossen i Årdal.

Fotograf: Jotunheimen Nasjonalpark

Nasjonalparkar

Ved Sognefjorden ligg Jotunheimen nasjonalpark, Jostedalsbreen nasjonalpark og Breheimen Nasjonalpark, som er blant dei største og mest kjende nasjonalparkane i Norge. 


Fotograf: Terje Rakke / Nordic Life / Fjord Norge

Fjordar

Sognefjorden har fleire spesielle fjordarmar som strekkjer seg inn mellom stupbratte fjell og endar i små, idylliske bygder. Ein av desse fjordane er den verdskjende Nærøyfjorden, som no er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Bli med på båtturar og opplev fjordane heile året.

Fotograf: Magnhild Aspevik

Andre attraksjonar

Sognefjord har ein stor variasjon i attraksjonar. Her finn du informasjon om monument, galleri, byggverk og mykje meir.


Fotograf: Walaker Hotell

Galleri og kunstutstillingar

Er du interessert i kunst og handtverk? Då kjem du til å trivast i Sogn. Her har ein til og med ei eiga kunstbygd; Balestrand.

Fotograf: Marit Henjum Halsnes

Frukt og bær i Sogn

 

Opplevingar i hagen

Fruktblomstringa i Sogn var verdskjendt blant nasjonale og internasjonale kunstnarar som Adolph Tidemand og Hans Gude, Hans Dahl, Johannes Flintoe, Peder Balke og Thomas Fearnley. 

Sogn er det eldste fruktområdet i landet. Det første vitnesbyrd om epledyrking skriv seg heilt tilbake til slutten av 1100-talet, då kong Sverre gjekk i land nedanfor Aldinshagen i Vik. Opp gjennom historia har det vore eit stort mangfold av frukt- og bærdyrking i Sogn. I Luster dyrka dei også tobakk i ein periode. På dei beste stadene kan vi dyrka aprikos og druer berre 3 mil frå Jostedalsbreen sin evige is. Les meir om frukthistoria i Sogn her.......

Vidareforedling har alltid vore viktig i Sogn, og er i dag representert ved m.a. Lerum, Tine Vik, Balholm og mange mindre produsentar. Visste du forresten at 85% av bringebæra i landet kjem frå dette fjordlandskapet? Frukta frå Sogn får spesielt god smak og aroma fordi mogninga skjer langsomt med jamn temperatur og mykje lys.

Her er det gode og tradisjonsrike fagmiljø for frukt- og bærdyrking.

 

Sogn fruktrute

         Liten logo Sogn fruktrute 22px

Det siste 10-året har det komme mange interessante opplevingstilbod med eit stort utval av produkt og gode smakar. Desse aktørane har organisert seg i nettverket ”Sogn Fruktrute” og tilbyr ulike opplevingar. Du kan enten bu midt i ein frukthage, få servert mat frå Sogn på ein av serveringsplassane, bli med på guida turar eller overnatta hjå ein av tilbydarane. Du kan smaka på alt frå friske moreller, bringebær, plommer, eple og pærer. Du kan kjøpa foredla produkt som syltetøy, nedlagde plommer, saft og juice. Eller nyta eit glas plommevin, eplecider eller fruktbrennevin med utsikt over fjorden.

Henjatunet, Marit Henjum Halsnes

Medlemar i Sogn fruktrute: