Filtrer liste
Områder









Trening og velvære

Trening og velvære

Unn deg å pleie deg sjølv. I Sognefjord kan du nyte spabehandlingar, massasje, gode treningsfasilitetar, badestampar, symjebasseng med fjordutsikt, solarium, klatreveggar og mykje meir.


Copyright © Høyangerbadet

Høyanger

Høyangerbadet

Ta turen til Høyangerbadet frå Balestrand Dei tilbyr treningsbasseng med vatnsklie, terapi-, småborns-, og utandørsbasseng i tillegg til sauna og ein liten...


Årdal

Innandørs badebasseng, Øvre Årdal

Badebassenget 25 meter langt. Badebassenget har badstove og 3 stupetårn. Det er oppvarma vatn med 28 grader. Måndag, onsdag, torsdag, fredag: 17.00 – 18.45. Laurdag: 15.00 – 17.45


Copyright © Reisemål Årdal

Årdal

Friluftsbad, Øvre Årdal

Badebassenget har eit mål på 50 x 25 m. Det er eit stort badebasseng med to sklier, og to mindre badebasseng for born. I det minste badebassenget er det ei lita sklie for dei minste. Vatnet i badebassenga er oppvarma til om lag 28 grader. Badebassenga er omringa av grøn plen med nokre bord med sitteplass. Det er også toalett, garderobe og dusjar på staden. Det er gode parkeringsplassar ved badebassenget.


Friluftsbad

Årdal

Friluftsbad, Årdalstangen

Badebassenget ligg sentralt på Årdalstangen, med gode parkeringsplassar. Det er tre badebasseng. Det største badebassenget har stupetorn, medan det minste...


Copyright © Anders Bolstad

Luster

Fjordstova, Skjolden

Fjordstova er eit fleirbrukshus med kafe, basseng, klatrevegg, bibliotek, treningsrom, solarium , skytebane, aamfunnssal, møterom, husflidsutsal. Turistinformasjon har salg av fiskekort og formidar utleige av kajakk og syklar. Sal av turkart for fotturar og sykkelturar.


Copyright © Arne Glenn Flåten

Sogndal

Vesterland Leikeland i Sogndal

Born i alderen 1 til 14 år har inntil 1550m2 disponibel leikeplass i hallen. Leikelandet består av eit stort klatrestativ med rutsjebaner, tunellar, labyrintar, ballbinge, ballkanoner og glidebane. I tillegg vert det 4 hoppeslott, leikebilar, diverse ballspel og klatrevegg. Dette leikelandet vert det einaste av sitt slag i fylket.Det næraste leikelandet til dette er i Bergen. Helgar og skulefri: Born 1-14 år: kr. 100,- gratis bading. Vaksne: kr. 50,- gratis kaffi og dagens aviser. (100,- inkl. bading) Mandag til fredag(ikkje når det er skulefri): Born 1-14 år: kr. 50,- (bading er ikkje inkludert) Vaksne: gratis. Godt å vite: Det kan vere greit å beregne god tid i leikeland. Tips til dei vaksne: Ta med strikketøy, arbeid, laptop (gratis wlan) eller noko anna de kan gjere på medan barna leikar. Reis saman med venner. Det er fort det går både to, tre og fire timar. Barneselskap: kr. 149,- pr. barn (ved minimum 10) Voksne går gratis. Borna får bading, 2 timar i leikeland, pølse med brød, valgfri brus og og is. Reglar for leikeland kan du laste ned her: Reglar.PDF (300kb) Leik av born utan tilsyn. Born mellom 11 og 14 år kan under visse betingelsar leike utan tilsyn. Foreldre/verge lyt då skrive ut og fylle inn dette formularet og sende med barnet. Barnet kan leike medan du trenar. Vedlagte formular lyt fyllast ut og signerast i slike tilfeller. Dei som har årskort på trening kan betale kr. 300,- ekstra pr. barn for fri bruk av leikeland i tida dei trenar. Tilbodet gjeld mandag til fredag utan dei dagar/periodar det er skulefri.


Copyright © Arne Glenn Flåten

Sogndal

Innandørs badebasseng