Luster
Sognefjellet Sommarskisenter AS organiserar langrennstrening på Sognefjellet i området ved RV 55. Løypeområdet ligg ved vegen som går over Sognefjellet i Vest-Jotunheimen. Vegen er Nord-Europas høgastliggande fjellovergang og går gjennom noko av den vakraste og mest storslagne naturen vi har i Noreg. Løypene ligg over 1400 m.o.h. - ein ideell høgde for profesjonell langrennstrening. Veret kan vera flott med sol frå skyfri himmel, men det kan også verta snøfall og storm. Dei gode tilhøva for skitrening har i dei siste åra fått mange topputøvarar i ymse greiner til å leggja sommarskitreninga til Sognefjellet.
Les mer om Sognefjellet Sommarskisenter