Filtrer liste
Områder









Rafting og juving

Rafting og juving i Sogn

Vil du ha fart og spenning, får du det viss du vert med på rafting eller juving i Sognefjord. Her finn du ulike typar rafting og juving, både for familiar og for dei som vil ha tøffare utfordringar.


Copyright © Leirdalen bre og juv

Luster

Juving i elveleiet til breelva Leirdøla

Me tek på oss våtdrakter, hjelm og flytevest, hoppar i breelva Leirdøla, som ligg innerst i Sognefjorden, tett innunder Jostedalsbreen. Her klatrar me oppover elva i vill og vakker vestlandsnatur. Et stykke oppe i elva snur vi, og lar vannmassene hjelpe oss på tilbaketuren. En garantert våt opplevelse.


Copyright © Håvard Evjestad

Luster

Juvvandring i elveleiet til bre-elva Leirdøla

Turen startar i idyllisk skogsterreng, før me når bunnen av juvet, der elva Leirdøla renn. Naturen er flott, med høge fossefall og bratte fjellsider. I elva ser me ofte den blanke fjellauren leika seg. Dette er ein spennande familietur, med aktivitetar som fiske, bading, hopping frå berg, og klatring gjennom grotter og over steinar.


Copyright © Leirdalen Bre Og Juv

Luster

Leirdalen Bre Og Juv,Villmarksopplevelser i og ved Jostedalsbreen nasjonalpark

Velkomen til Leirdalen Bre og Juv! Me tilbyr brevandring, juvvandring, fisking og fjellturar i Sognefjord regionen, mellom dei to nasjonalparkane Jostedalsbreen og Jotunheimen. Med aktivitetar som brevandring på Jostedalsbreen, juvvandring og juving i Leirdøla, fiske i brevatnet i Tunsbergdalen, og fjellturar i og rundt Jostedalsbreen nasjonalpark, har Leirdalen Bre og Juv aktivitetar som passar for heile familien. Frå basen vår i Leirdal, ein sidedal til Jostedalen, innerst i Sognefjorden tek me små grupper med inn i avsidesliggande brelandskap i og rundt Jostedalsbreen nasjonalpark.


Copyright © ICETROLL Glacier Hiking and Kayaking

Luster

Rafting i breelva Jostedøla

River Pig - Glacier  Rafting tek deg med på rafting i breelva Jostedøla. Raftinga i Jostedalen går gjennom spektakulært fjellandskap og canyon-liknande terreng med strykkategoriar opptil 3-4.