Filtrer liste
Områder









Barn og familieaktiviteter

Barn og familieaktiviteter

Sognefjord er eit fantastisk område for dei som reiser med barn. Her kan barna tumle rundt, vere aktive og bli friske og opplagde. Siste nye for barn er innandørs leikeland på Vesterland.


Sogndal

Familieklatring

Klippeklatring på Kvamsfeltet ved Sogndal eller Stegagjerde ved Gaupne. Topptausklatring med leik og læring er ein artig aktivitet for heile familien!


Urnes gard og hjortefarm

Luster

Urnes Gard og Hjortefarm

Urnes Gard er næraste nabo til Noreg si eldste stavkirke frå ca 1150, den einaste stavkirka på Unesco si verdsarvliste. Du finn hjortefarmen like ved gardskaféen på Urnes gard. Der kan du få informasjon om dei stolte og flotte dyra og sjå dei på nært hald. Hjortefarmen ligg i vakkert terreng og med ei flott utsikt over Lustrafjorden.


Amble gård sognefjord

Sogndal

Amble gårds gårdsutsalg

På gården produserer vi økologisk høy og epler, som også er til salgs. Vi selger økologisk eplemost/eplejuicevår vra gården.


Copyright © Øjvind Kåre Øst

Luster

Blåisvandring i høgfjellet

Blåisvandring på Bøverbreen: brevandring i høgfjellet med spektakulær utsikt til Smørstabbtindane, Fannaråken og Hurrungane.


Liv Hatleli og Geoffrey Gilpin påFrøys hus

Vik

Frøys Hus gardsutsal

Her kan ein kjøpa våre produkt av svarthyll, lokal kunst, saft og skinn av sau og ku frå Vikja økologiske slakteri.


Balholm bringebaer

Balestrand

Balholm

Stor produksjon av økologisk direktepressa frukt, utan noko tilsettjingsstoff. Direktepressa frukt- og bærjuice av råvarer frå Sogn. Nordleg klima gir sakte...


Midt-Ljosne Lardal sognefjord

Lærdal

Midt-Ljøsne fruktutsal

I perioden frå ca. 10 juli til 25 august kan du kjøpa moreller og bringebær frå boda vår langs E16 ved Ljøsne skule i Lærdal. Det er også mogeleg å koma innom garden på eit besøk. Midt-Løsne er miljøfyrtårn sertifidsert.


bringebar Alvarn gard

Høyanger

Alværn Gard Gardsbutikk

På gardsbutikken til Alværn Gard kan du kjøpa ulike produkt frå m.a. frukt, bær.


Copyright © Anestølen Goat Farm

Sogndal

Besøk ein ekte geitestøl - Anestølen / Sogndal

Anestølen ligg ved nordenden av Anestølsvatnet, 450 m.o.h. Her beitar 600 geiter om sommaren, i tillegg til sauer og kyr. Vertskapet demonstrerer mjølking og ysting, og du får smaksprøvar av fersk geitost. Vi serverer ekte norsk stølsmat, og sel brun- og kvit geitost, samt lokallaga souvinirar. Større grupper bør tinge på førehand.


Copyright © Luster Llama

Luster

Lamasafari

Lamasafari på Skjolden, Luster. Guida turar med fredelege og intelligente dyr langs Mørkridselva, til eit vakkert område der mange andre lama beitar. Ein...


epplet bed & apple sognefjord 1

Luster

Eplet bed & apple gardsbutikk

Gjestehuset ligger i en frukthage, der du kan være med på arbeidet eller kjøpe videreforedla produkta som for eksempel frukt- og bærjuice.


sandvik camping 1 sognefjord

Luster

Pluscamp Sandvik gardsbutikk

Pluscamp Sandvik ligg i ein eplehage i bukken/ kisken blir det også seldt gardsprodukt, m.a. juice frå ulik type frukt og bær.


Copyright © Arne Glenn Flåten

Sogndal

Vesterland Leikeland i Sogndal

Born i alderen 1 til 14 år har inntil 1550m2 disponibel leikeplass i hallen. Leikelandet består av eit stort klatrestativ med rutsjebaner, tunellar, labyrintar, ballbinge, ballkanoner og glidebane. I tillegg vert det 4 hoppeslott, leikebilar, diverse ballspel og klatrevegg. Dette leikelandet vert det einaste av sitt slag i fylket.Det næraste leikelandet til dette er i Bergen. Helgar og skulefri: Born 1-14 år: kr. 100,- gratis bading. Vaksne: kr. 50,- gratis kaffi og dagens aviser. (100,- inkl. bading) Mandag til fredag(ikkje når det er skulefri): Born 1-14 år: kr. 50,- (bading er ikkje inkludert) Vaksne: gratis. Godt å vite: Det kan vere greit å beregne god tid i leikeland. Tips til dei vaksne: Ta med strikketøy, arbeid, laptop (gratis wlan) eller noko anna de kan gjere på medan barna leikar. Reis saman med venner. Det er fort det går både to, tre og fire timar. Barneselskap: kr. 149,- pr. barn (ved minimum 10) Voksne går gratis. Borna får bading, 2 timar i leikeland, pølse med brød, valgfri brus og og is. Reglar for leikeland kan du laste ned her: Reglar.PDF (300kb) Leik av born utan tilsyn. Born mellom 11 og 14 år kan under visse betingelsar leike utan tilsyn. Foreldre/verge lyt då skrive ut og fylle inn dette formularet og sende med barnet. Barnet kan leike medan du trenar. Vedlagte formular lyt fyllast ut og signerast i slike tilfeller. Dei som har årskort på trening kan betale kr. 300,- ekstra pr. barn for fri bruk av leikeland i tida dei trenar. Tilbodet gjeld mandag til fredag utan dei dagar/periodar det er skulefri.


Copyright © Henjatunet

Leikanger

Gardsbesøk Henjatunet

Gardsrestaurant/Gardsbesøk. Servering i gml. stove frå 1765. Omvisning i ny og gml. frukthage, vandring på gravhaugar. Folkesang. Smak av heimelaga cider og lefse. Vi tek i mot store og små grupper for omvisning. Det er gode parkeringstilhøve for 1-2 bussar. Under omvisninga vil ein få sjå døme på eitt av dei etter kvart få attverande klyngetuna på Vestlandet som framleis har aktiv jordbruksdrift. Vi kan vise korleis ein tradisjonell Vestlandsgard driv med sau og frukt, både moderne driftsformer og korleis drifta har vore i den nære fortida opp til i dag. Under omvisninga vitjar vi gravhaugane rett ovafor tunet der vi fortel litt om historia til gardane i tunet.


Copyright © Arne Glenn Flåten

Sogndal

Innandørs badebasseng


Copyright © SJH

Aurland

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) er ein vidaregåande skule som underviser i økologisk landbruk og berekraftig samfunnsutvikling. Skulen har og drive eige...


Ciderhuset

Balestrand

Ciderhuset Kulturarrangement

Sogn Fruktpark & Ciderhus er et kombinert anlegg for ciderproduksjon, matservering, kulturaktiviteter og cidersmaking for grupper. Ciderhuset ligg i ein...


Copyright © Harald Mundal Blaaflat

Lærdal

Blaaflat Gardsutsal Frukt og Bær

Velkomen til Blaaflat Gaard.Gardsutsal av frukt ved E16 på Ljøsne i Lærdal. Me tilbyr sal av Epler, Pærer og plommer i fruktseongen.