Kring Sognefjorden finn du mange flotte arrangment gjennom heile året.

Felles for dei alle er dei er pakka inn i vakre naturlege råmer .

I Sogndal vert det arrangert Fjellsportfestival siste veka i februar. Laussnø, feiringa av vinter, sosialt, konkurransar og sjølvsagt afterski. På Fjellsportfestivalen finn du også barneaktivitetar, hopp konkurransar, skikonkurransar, guida turar med meir. Du finn definitivt noko som passar for deg om du likar ski, snø og vinter. 

Første helga i mai invitera Kviknes Hotel i Balestrand til Balejazz der kjente og ukjente musikarar kjem for å laga god stemning i Balestrand. Balejazz er blitt ein institusjon på Vestlandet. Vakrare råmer enn ein blømande Balestrand ein vakker vårdag med snødekte fjelltoppar finn ein mest ikkje. 

I juni kvart år arrangerast det Gamalostfestival i Vik som er ei oppleving for både store og små. Der får du sjølvsagt smaka på Gamalosten, men du kan og bli med på fiskekonkurranse, kassabilløp, konsertar og dansetilstelningar.  Gamalosten har si historie tilbake til vikingtida. 

I Lærdal vert det arrangert  marknad tre gonger  kvart år haustmarknad og julemarknad der torget bugnar av lokal mat, drikke og heimalaga produkt. Ein tradisjon som strekk seg tilbake til 1500 talet då bønder frå innlandet i aust kom til Sognefjorden og møtte båtfolket. Her vart det bytta varer som handarbeid, kjøt, fisk, frukt og grønt. I dag finn ein faktisk nokre av dei same produkta, men sjølvsagt har marknaden også følgt tida. Så det heile har utvikla seg til ein av landets mest kjende marknader.

Har du lyst å prøve deg på nokon av motbakkeløpa ved Sognefjorden? Bli med då vel!   Sjekk ut kvar og når motbakkeløpa er her

 

Her er nokre av arrangementa du kan oppleva:

  • Bringebærfestivalen i Vik. Bygda Vik og Vangsnes er blant landets største produsentar av Bringebær, og det må sjølvsagt feirast.
  • Brefestivalen i Jostedal. Ein feirar Isbreane med turar, kultur i fin blanding.
  • Bergtattfestivalen i Luster. En ny musikkfestival som ligg idyllisk til heilt i fjordkanten.
  • Lerum Cup i Sogndal er eit av vestlandets største fotballarrangemenet.
  • Julemarknader i november og desember i Fjærland, Marifjøra, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Lærdal
  • Målrock i Årdal er den årlege musikkfestivalen med artistar frå inn- og utland. Det er ein spesiell atmosfære å sjå og høyre favorittartistane på scenen  i fjordkanten medan sola går ned bak fjella i vest.
  • Fjørarock er ein nystarta rockefestival midt i Sogndal sentrum. Som navnet tilseier så er det rock det går i. Eliten av norske rockeband vert å sjå på scenen i sentrumsparken.