I Sogndalsdalen, berre 10-15 min. frå Sogndal sentrum, ligg Sogndal Skisenter.Til 2010/2011 sesongen vart det gjort forbetringar på løypene og investert i nytt heiskortsystem.
Skitrekket er 1100 meter langt og det er fire nedfartar å velge mellom.
Til 2009/10 sesongen sto i tillegg eit heilt nytt barnetrekk og løyper
klart. Anlegget er kjend for å ha god laussnøkøyring, og det finst mange
gode turar med utgangspunkt frå toppen av skiheisen. Den naturlege
samlingsstaden i skisenteret er SIL-hytta. Denne vart både pussa opp og
utvida til 2007/08 sesongen. For dei laussnøhungrige er det eigen "pudderbuss" frå Gunvordalen og attende til skisenteret.
www.sogndalskisenter.no