Skisenter

I Ski Sogn finns det to skisenter, Sogndal Skisenter i Sogndalsdalen og Sogn Skisenter på Hafslo. Begge ligg berre 10-15 min frå Sogndal sentrum. Skisentra har litt forskjellig løypeprofil og utfyller difor kvarandre perfekt.

Likt for begge er at det herskar ei vennleg, avslappande og ekte atmosfære. Det er eigne barneområde kor ungar og nybyrjarar kan boltre seg i trygge omgjevnader, dei leikelystne kan utforske hopp, boksar og rails, og løypene er velpreparerte til ei kvar tid.

Sist oppdatert   03.11.2010   Av   Øystein Sagabråten