Sognefjordområdet byr på eit landskap fullt av kontrastar, og her ligg forholda tilrette for store naturopplevingar for alle som kjem hit. Enten du ønskjer å slappe av, eller søkjer fysiske utfordringar, så vil du finne passande aktivitetar der du kjem i nær kontakt med naturen. Du kan utforske mykje av dette spennande landskapet på eiga hand, eller delta i organiserte aktivitetar som er tilpassa folk i alle aldrar.
Sognefjord er eit fantastisk område for dei som reiser med barn. Her kan barna tumle rundt, vere aktive og bli friske og opplagde. Siste nye for barn er innandørs leikeland på Vesterland.
Å gå i taulag på isbreen er ei unik spennande oppleving, som alle over 6 år kan vere med på. Fleire stader i Sognefjord kan du vere med på brevandring på Jostedalsbreen og i Jotunheimen.
Sognefjorden er eit eldorado for sportsfiskarar og dei som vil jakte. Anten du vel fjordfiske eller fiske etter aure i dei mange elvane og fjellvatna, kan vi nestan garantere fangst.
Dersom du verkeleg skal oppleve det Sognefjorden har å by på, bør du vere med på ein båttur på ein av dei vakre fjordarmane. Passasjerbåtar, ferjer og ekspressbåtar tek deg med til stader du elles ikkje hadde fått oppleve, som t.d. veglause Styvi i Nærøyfjorden.
Sognefjord er eit av dei mest populære omdråda for fotturar og fjellklatring i Norge, med dei vakre nasjonalparkane Jotunheimen, Jostedalsbreen og Breheimen. Her finn du guida fjellturar og klatreturar i tillegg til fjellturforslag.
Å padle kajakk langs stupbratte fjellsider med store fossefall, eller mellom isfjell på smaragdgrøne brevatn, gjev heilt unike naturopplevingar.
Vil du ha fart og spenning, får du det viss du vert med på rafting eller juving i Sognefjord. Her finn du ulike typar rafting og juving, både for familiar og for dei som vil ha tøffare utfordringar.
Bli med på ein av dei mange flotte rundturane og dagseksursjonane rundt omkring i Sognefjord. På turistkontora får du kjøpt billettar til rundturar og ekskursjonar til dei største attraksjonane i Sogn.
Med meir enn 70 butikkar er Sogndal shopping- og servicesenteret i Sogn. I tillegg vil du finne mange souvinirbutikkar, kunst- og handtverksutsal og utsal av lokalmat i Sognefjord.
I Sognefjord har du rikeleg tilgang til snø heile året, sidan fjorden banar seg veg heilt inn til foten av Jotunheimen og Jostedalsbreen. Her finn du både sommar og vintertilbod.
Sjølv om Sognefjord er dominert av dramatisk natur med bratte fjell, finst det mange moglegheiter for både små og store som vil ta sykkelturar for å oppleve naturen og kulturlandskapet på nært hald.
Unn deg å pleie deg sjølv. I Sognefjord kan du nyte spabehandlingar, massasje, gode treningsfasilitetar, badestampar, symjebasseng med fjordutsikt, solarium, klatreveggar og mykje meir.